Flakke Kalkverk

 

Flakke Kalkverk

Teikning av Helge Lavik.
Artikkelforfattar Olav Skjellevik

I traktene rundt Flakkavågen og på Skorpo har me ein naturressurs me er åleine om på Tysnes. På Sletteskog, Barmen, Hetlelio, Skorpo og Laukhammar. Dessutan på øyene Ånuglo og Seløyo austfor Florneshalvøyo og Storsøyo nordfor Huglo. Her har det vorte brote kalkstein og marmor frå middelalderen av.Frå Varaldsøya ute i Hardangerfjorden, over austsida av Tysnes og Stord til sørste delen av Bømlo er det eit kalksteinsbelte som vart til i det vi kallar kambrosilurtida for om lag 400-500 millionar år sidan.


Kalksteinen og marmoren (omdanna kalkstein) vart til i eit grunt hav der det levde mengdevis av smådyr med kalkskal. Etter kvart som desse dyra døydde, vart kalkskala att på botnen. Sidan kom anna fjell oppå, og kalkskala vart gjennom nye millionar av år pressa saman og vart fast fjell.

På dei fleste gardane her var det i eldre tid ein kalkomn nede i fjøra. Ein meiner i dag å finna spor etter om lag 20 omnar.

I 1517 leverte Haff på Skorpetveit kalk på Bergenhus, og den samme Haff leverte 9 lester kalk (1 lest = 12 tønner) på Bergen Kongsgård til ein verdi av 21 gylden og 3 skilling.

I 1519 får Per Endresen Skorpo oppgjer frå kongsgarden for 7½ lester kalk, då oppgjort med 1 tønne mjøl,1 tønne malt, ein kjel og 2½ gylden.

Kalksteinsbryting og –brenning var vinterarbeid. Steinen vart ”skoten” ut, slegen til småstykker og lagd lagvis saman med ved i omnen. Produktet etter brenninga kalla dei ”mølkalk”.
Desse omnane hadde svært enkel utførelse – dei aller enklaste berre ei grop i jorda – men det vanlege var gråsteinsomnar på 2×3,5 m grunnflate og 2-2,5 m høge. Og dei visste vél kva dei dreiv med, dei gamle – dette var nedervd kunnskap. Det måtte vera minst 1000º C i omnen for å få kalksteinen brend. Ofte vart berre yttarste delen av steinen brent, og etter leskinga vart steinen brend om att i neste fyring.

Desse omnane vart fyrte med avbarka ved, vanlegvis furuved  – såkalla limved – 4-5 favnar til kvar brenning, og fleire stader vart skogen temmeleg snøydd. Til slutt var det så lite limvedskog att, at kalkbrenninga nærast tok slutt av den grunn.

For å gjera nytte av den brende kalken – ”mølkalken” (CaO), måtte den tilsetjast vatn. Då fekk ein leska kalk – eller ”mjølkalk” (Ca(OH)2 ) som dei kalla den. Denne hadde monaleg større volum enn den uleska.

Dette var ingen ufarleg prosess. Det vart utvikla stor varme, og ved ukyndig lesking, kunne det heile eksplodere. Leska kalk er svært etsande på huda, så det galdt å vera varsam.
Den ferdige kalken vart lagra i kalkbuer (eller rettare limbuer som dei vart kalla). Desse var alltid lafta, og golv, bjelkelag og murar var laga for å tola stor vekt.

Til haustars – etter onnearbeidet – vart kalken frakta vidare på jektene. Kalken vart så brukt som bindemiddel ved bygging av husmurar kringo i distriktet og ved store steinbygningar i byane. Mykje vart òg i si tid eksportert til Danmark.

I seinare tid selde dei kalk til bøndene i Kvinnherad der det gjorde godt på dei kalkfattige åkrane der.
Og namn i området vitnar om denne virksomheten: Me har Limudalen i Flakkavågen, Limostedlo i Barmen og Limhaugen på Laukhamar.

På Laukhamar står òg den einaste limbua som er att. Ho kan vera over 200 år gammal. Dei nederste omfara av tømra er framleis kvite og til dels etsa av kalk.

Alle mottakarane var ikkje like fornøgde med Flakkavågs-kalken som dei meinte vart leska med sjøvatn. Dei ville heller ha Mostra-kalk eller Storda-kalk som var leska med ferskvatn.

Prisen på uleska kalk var vèl dobbelt så høg som den leska, men det å føra uleska kalk på jektene i all slags vêr, det våga dei færraste – Då fekk heller den ekstra fortenesta vera.

I 1865 var det 9 kalkomnar i området som produserte om lag 450 lester – ca. 900 tonn årleg. Men så var det jamt slutt. Veden vart for dyr.

Her på Flakka kom det om lag 1872 ein ”moderne” kalkomn med tanke på industriell produksjon. Det var ein Elling Skorpetveit som starta opp, men då han flytta til Moster i 1880 kjøpte Hans Møllerupsen Skaten Flakka, og saman med brørne sine Lars og Gjert på Skato og svogeren Knut Skjelevikjo vart så dei eigarane.

Denne omnen var kolfyrt. Kol (og litt ved) og kalkstein vart lagt lagvis ovanfrå i det flaskeforma brennkammeret av eldfast stein, og så tende dei på nedanfrå. Eit murt trekksystem i botnen sytte for god varme. Den brende kalken vart lagra i to kalkbuer nedanfor omnen.

Når kalkstein og kol skulle opp i omnshuset, vart dette heist fram på eit gangspel på nordsida. Me finn framleis merker etter dette gangspelet. I ”Hjulhuset” oppe på ”Hjulhaugen” hadde ”Ivar Stølen” – Ivar Jonson Hetlelid – i alle år fast jobb med å trø hjulet på gangspelet.

Lars Skato var den som leia sjølve brenninga, Hans Storsøyo, gift med Siri Skato, førte rekneskapen og ordna med sal av kalk.

Kalksteinen trong dei ikkje fara langt for å henta. Mykje vart nok henta frå Storsøyo ute ved Laukhamarsundet og på Seløyo. Begge stader vart det brote kalk til etter siste verdskrigen.
Med ei jekt som vart kalla ”Omnsjekto” førde dei kalksteinen til omnen og kalken derfrå. Med ”Omnsjekto” førde dei kalklaster til Stavanger, til Sogn og hendevis heilt nord til Trondheim. På heimveg hadde dei til vanleg ei eller anna form for returlast – ofte poteter.Det var Hans Flakka som førte jekto.

Kalkomnen var i bruk til 1900/1901 – truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste, på slutten truleg ikkje kvart år. I 1901-1903 vart alt som kunne omsetjast selt og salssummen fordelt på dei 8 eigarane. Den eldfaste mursteinen inni omnen for ein veg, utstyr og reiskap ein annan.
Omnshuset vart selt til Solesvik på Hufterøya, og i ei løe der finn me den nordre kalkbua. Den andre kalkbua står på næraste gardsbruket i sør – i dag som underhus til ein garasje.

Murane har så stått urørte sidan – gøymd og gløymd mellom tre og buskas. I 1992 gjorde Tysnes Kulturminnelag eit storarbeid med rydding og litt restaurering. Dei sette også då opp trappa, plattingen på toppen og sitjebenkene nedanfor. Det var store planar for meir, men det vart med dette.

For tida er det eg som putlar med rydding kring omnen slik at dette kulturminnet kan vera så nokolunde presentabelt for gjester.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *