Føreord
Sogeskrift for Tysnes er dette året retta mot dei gamle grendeskulane. Frå 1870-åra og frametter mot 1920 vart det satsa stort på skulebygg i grendene kringom på Tysnes. Desse skulebygga var stort sett bygde over ein leist: gang, kammers og skulestove. Gangen med vask, sinkbøtte, ause til å drikka av og ei bratt trapp opp til eit loft med varierande standard og bruk.
Alle skulane vart bygde av dobbeltpløygd liggjande plank og med store ruteheller på taket. I skulestova var det store vindaugo på eine sida og oppvarminga var ein stor sylinderomn bak i skulestova. Den vart ofte berginga for våte og kalde disiplar – der sat me kring omnen dei første timane av skuledagen og tok til oss av varme og kunnskap.
No tek det til å minka på dei av oss som fekk vår skulegong i dei gamle grendeskulane. Tysnes sogelag har samla inn minnesmateriale om desse skulane – og om livet i fådelte klassar. Korleis det no heng saman, så ser det ut til at dei fleste har gode minne frå denne skuletida. Alle dei som ikkje hadde si gode tid i skulen, vil kanskje ikkje minnast den tida – men me skulle så gjerne hatt deira soge også. Dette for å minna om at soga om grendeskulane ikkje er slutt med dette. Sogelaget tek med takk mot meir av skulesoger og bilete – materiale som nok vil koma på prent seinare år. Men det er berre du som kan skriva om din skuledag og dine skuleminner.
Så ei takk for all god innsats til dei som skriv og minnest. Det er vår von at også dette sogeskriftet skal verta til hugnad for lesarane våre. Komande år vert det innsamling av lokalhistorisk materiale – ei landsomfattande innsamling av minnesmateriale under tittelen «Levde liv». Der er det meininga å fanga opp alt det som ikkje kan lesast ut frå arkivmateriale: arbeidsliv, mat, husstell, boligtilhøve – ja alt som høyrer med i dagliglivet. Der vil me ha med dine minne!
For Skriftstyret
Olav Skjellevik
Mikal Heldal
Skriftstyret 2011:
Olav Skjellevik, Sverre K. Dalland, Arne Tvedt, Toralf Enes, Knut Rage, Mikal Heldal, Nils Magne Singelstad
Innhald
Skuleutviklinga på Tysnes
Nils Magne Singelstad
Nogle minner fra barneskolen
Lars O. Hope
Skulane i Sørbygdo
Atle Tornes
Minne frå Flatråker skule
Idar Fosshagen
Norbustaddalen skule
Lars Mevatne
Haukafær skule
Kåre Torbjørnsen
Barndomsminner fra Eldholm
Lilly Eldholm Olsen
Heie skule
Knut Økland (redigert)
Gjerstad skule
Ingebjørg Sævartveit
Vetla-Gøyo skule
Bjørg Frugård
Lunde skule
Henning Henriksen (redigert)
Minne frå Sunda – Vevatne skule
Johan Hjartåker
Den gamle skulestova på Tveit
Johannes Lie
Solheimsdalen skule
Jan Sigmund Sandsmark
Skjellevik skule
Olav Skjellevik