Sogeskrift 2010

Skrevet av Bent Sigmund Olsen Søndag 07/05/2017 - 22:46

Føreord

Sogeskriftet 2010 er nok ein gong med sterkt variert innhald. Temaorienterte sogeskrift kan vera særs krevjande, men i 2011 vert gamle skulehusa eit tema.

 

Dette året vert det ein del kyrkjestoff. Olav Skjellevik presenterar tekst frå altertavla i den gamle Onarheimskyrkja. Jan Erichsen har teke for seg det gamle altarskåpet frå Uggdalskyrkja – det er no å finna på Bergen museum. Rosenkrantzane og litt kyrkjesoge får og sin plass dette året ført i pennen av Olav Skjellevik. Knut Rage har tilrettelagt presterapporten frå Tysnes i 1743. Same forfattaren tek for seg geomanti i lokal samanheng. Omgrepet geomanti er så enkelt eller vanskeleg som geometriske system for kultplassar i landskapet, og det er ikkje kome mykje stoff på dette feltet – ein artikkel til no - etter det eg veit – og så Rage i dette heftet!

Olav Skjellevik presenterar lekpredikanten Sivert Vattedal slik Johannes Lie førte soga i pennen i bladet Tysnes i 1979. (Bladet Tysnes – 8-9 1979), og frå Olav tek me òg med eit friarbrev frå Onarheim. Framgangsmåten i dette frieriet ser ut til å ha vore korrekt – men resultatet vart negativt. Andre framgangsmåtar var vel meir fruktbare.

Underteikna har sett saman ei lita soge frå Blekje – om Maddelo. Nok ein gong er det folk med einskilde særmerke som vert minna i lokalsamfunnet. Birger Økland let oss få del i namneskikkar i Flatråkerområdet og Sverre K. Dalland minnest songarstemna som Sunnhordland songarskipnad skipa til årleg. Som Sverre har eg gode minne frå desse årvisse stemna – tidleg i juni. Veghistorien som Nitter fortel om er ei ferd inn i eit samfunn i store omveltningar gjennom førre århundrad. Idar Fosshagen skriv om kystkultur – om den vesle færingen – også eit minne om samferdsle i tida som var.

Så står det att å takka for innsatsen også dette året – takk til skribentar, kjelder - og alle dei som tenkjer på å skriva for sogeskriftet. Me treng di soge – dine lokalhistoriske interesser og minnestoff av ymse slag.

For Skriftstyret
Mikal Heldal

Innhald

Altertavla i gamle kyrkja i Onarheim

Alterskapet fra Uggdal Kirke i Kirkesamlingen, Bergen Museum

Rosenkrantzane - og litt kyrkjesoge

«Præstegieldets insvaanere ere i almindelighet extraordinaire» - Tysnes annon 1743

Geomanti på Tysnes

Sivert Vattedal

Eit 150 år gammalt friarbrev

Maddelo i Blekje

Namneproblem i Sørbygdo

Songarstemna - minne frå ei faren tid

I Sunnhordland frå fjord, veg og fjell på Tysnessåto og øyane rundt

Den vesle Færingen

Forfattaromtale