Føreord
Også i 2009 er Sogeskrift for Tysnes eit av dei store prosjekta til Tysnes sogelag. Dette året gjekk to av nestorane i Tysnes sogelag bort. Jan Økland har skrive minneord om desse to trugne tenarane, som ytte sin store innsats i arbeidet for Kultursogene og Gards- og Ættesogene.
Me skal minnast Knut Økland og Lars Reiso i takksemd. Sogeskriftet dette året har ikkje eit sentralt tema, men ser innom mange emner og femner vidt. Frå vår eldste soga skriv Knut Rage og Svein Ove Agdestein om Lundo i Uggdal. Frå Reksteren skriv Arne Tvedt og Toralf Enes om to tragiske historiar. Tvedt om onkelen som døydde under siste verdskrigen på eit sjukehus i Sør-Afrika – ein onkel han aldri møtte. Enes skriv om ei drukningsulukka på Reksteren i 1930, der to små gutar omkom. Kåre Malkenes skriv om skyttarlagsrørsla på Tysnes fram til vår tid – dette er eit framhald frå 2008. Alf Terje Myklebust fortel soga om ungdomslagsarbeid på Liastrando – der såg dei lange liner i arbeidet, med utsikter til flyplass på Godbakken.
I desse klima- og energitider er Nils Magne Singelstad innom torvskjering i Solheimsdalen i etterkrigstida. Det skal stå ope her om torv er å rekna som fossil energikjelde, men dette var truleg ein av dei siste gardane på Tysnes som brende torv.
Byfolk på landet er eit tema me tek opp dette året. Det var i 1909 at Erichsenfamilien starta livet som sommargjester på Tysnes og dette markerar me med to greiner av familien – kvar grein med ei hytte – og resten av soga fortel Jan Erichsen og Egil Severin Eriksen (betre kjent som Peisen mellom kameratflokken i Våge). Hans Flornes minnest ferielivet i Flornes på 50-talet – og med dei store ombrøyte frå den tida til no – høyrer det med at det denne sommaren kom bilveg fram til hytteområda ytst på Flornes. Minnesmatreriale har me òg fått frå Elin Dalland som skriv om faren sin oppvekst i åra før 1940, og Olav Skjellevik har teke fram det materialet som faren, Engel Skjellevik, skreiv om første byferda si.
Det står att å retta ei takk til alle dei som har gripe til pennen dette året. Det er ikkje slik at me har unoggjes mykje stoff til sogeskriftet framover – så me tek med takksemd imot meir – og hugs bilete. Takk.
Onarheim 29.10.09
For Skriftstyret
Olav Skjellevik, Mikal Heldal
I skriftstyret 2009 har desse vore med:
Sverre K. Dalland, Nils Magne Singelstad, Arne Tvedt, Toralf Enes, Olav Skjellevik (red.) og Mikal Heldal (red.)
Innhald
Minneord, Lars Reiso
Minneord, Knut Økland
Lundo på Myklestad - ein stad for guddomsdyrking
Knut Rage
Villiam og Jørgen heldt saman til det siste
Toralf Enes
Soga til Tysnes skytterlag
Kaare M. Malkenes
På invasjon fra Tysnes
Fr. Fossum
Draumen om eige hus
Alf Terje Myklebust
Frilynd, men ingen fritenkjar
Alf Terje Myklebust
Flyplass på godbakkjen
Alf Terje Myklebust
Torvtaking på Singelstad
Nils Magne Singelstad
Hundre år på Tysnes
Egil S. Erichsen
Familien Erichsen på Gjerstadneset
Jan Erichsen
Dagleglivet på Tysnes før 1940
Elin Dalland
Den fyrste byturen min
Olav Skjellevik