Sivlekvelden

Jens BrekkeDet vart et par gilde timar med både lått og løye då Jens Brekke frå Vik i Sogn vitja sundagsakademiet 12. Oktober. Den skuletrøyte læraren som tener til livet med å reisa rundt med mellom anna kåseri om Per Sivle og Jakob Sande, fekk  retteleg taket på publikum.

I tillegg til å fortelja den tragiske livsoga til Sivle, vart det framføring av eit par livate vossastubbar og allsong med diktaren sine mest kjente  viser "Den fyrste song eg høyra fekk" og "Og vesle lerka du hev det slik", og han Jens han spelte trekkspel til. Ei verkeleg triveleg stund tykte dei og lag 70 frammøtte.

Elles fekk forsamlinga høyra at fødestova til Per Sivle på ingen måte var rasert og øydelagt. For dei som hugsar innslaget i Vestlandsrevyen tidlegare i år, der me fekk  inntrykk av at grunneigaren hadde rive stova slik at ho var tapt for all framtid?

Feil! Grunneigaren har teke godt vare på stova som Sivle-laget no er eigar av. Planen er at dei med tid og stunder skal få reist stova att på den rettlege plassen der diktaren var fødd.

Hørdis Heggland var til stades på sundagsakademiet og fekk prata med Jens Brekke.

– Eg trudde eg visste det meste om Per Sivle, men no fekk eg faktisk høyra nytt som eg ikkje visste frå før. Sundagsakademiet er eit fint tiltak, det er berre det at eg høyrer litt dårleg og skal eg få koma med et ynskje, så håpar eg at høgtalaranlegget vert nytta att.

Knut Rage og Olav Skjellevik var båe spente på om det kom noko folk denne gongen. Denne helga var det fleire kulturtilstellingar i kommunen, men dei uroa seg til skammar. Folk strøymde på slik at ekstra stolar måtte finnast fram. Dermed føyer Per Sivle kvelden seg inn i rekkja av suksessrike tilstellingar i regi av Sundagsakademiet! Fleire bilete her

Fann gamal skattesetel frå 1907

Skjertorsdag starta Tysnes Sogelag med skanninga av gamle bilete i det gamle skulehuset på Amland som bygdelaget no har hand om. Sogelaget har med støtte frå Hordaland Fylkeskommune innkjøpt moderne PC og skannarutstyr og har planlagt å reise rundt til alle bygdalaga i Tysnes for å skanna inn gamle bilete.

Les meir

Rasmus Løland – Barnebokpioneren frå Ryfylke

Sundag 18. november vart det siste Sundagsakademiet for 2007 avvikla på biblioteket i Tysneshallen. Denne gongen var det Ryfylke-diktaren Rasmus Løland som stod på programmet. I år er det hundre år sidan Løland døydde, og i dei neste fem åra fram til 150 års-markeringa for Rasmus Løland sin fødselsdag 24. mai 2011 vert det ymse arrangement og markeringar for ein av våre viktigaste nynorske barnebokforfattarar gjennom tidene.

Les meir

Tur til Huglo

Omnar i uthuset
Sola strålte frå skyfri himmel då utfarten på sogelagsturen til Huglo starta frå Hodnaneset 3. juni. Finver gjev alltid det beste utgangspunkt når ein skal vitja nye stader å sjå på kulturminne og vandra i skog og mark.

Les meir

Flatpakka båtar og Shetlandshandel i 350 år

VikingskipI samarbeid med Tysnes folkebibliotek arrangerar sogelaget søndag 18.2 kl 17 til eit nytt Sundagsakademi. Har du drøymt om å reisa til Shetland, eller har du vore der ein gong? I dag høyrer Shetland og Orknøyene til Storbritannia, men var i si tid norske område. Framleis er tilknytinga til Noreg sterk, særleg på Shetland. Her snakka dei ein norrøn dialekt fram til 1800-talet.

I alle år har det vore eit tett samband mellom Tysnes og Shetland, ikkje minst gjennom den såkalla hjeltahandelen – det livlege handelssambandet som sikra det trefattige Shetland både tømmer og båtar. Over Nordsjøen var det to døger å ferdast med båt – småtteri for sjøvante menneske som nytta havet som ferdselsveg. Såleis eigde nokre av storfolka på Tysnes også jord på Shetland.

Mikal Heldal i ivrig samtale med Tommy Isbister, ein av dei beste båtbyggjarane på ShetlandSærleg interessant er kapitlet om hjeltabåtane. Det var båtar som var sett saman som "halvfabrikata" på Tysnes og seinare frakta til Shetland i større båtar og gjort ferdige der. For nokre få år sidan arrangerte Mikal Heldal ei gjentaking av denne trafikken. Saman med to røynde båtbyggjarar frå Onarheim, Helge Storetvedt og faren Einar Heldal, reiste han til Shetland med ein halvbygd "hjeltabåt" som dei sette saman der borte. Eksperimentet vekte mykje merksemd.

Shetland er sjølvsagt også kjend gjennom Shetlands-Larsen og nordsjøbussane under krigen, og det er ikkje få fiskarar og sjøfolk frå Tysnes som har vore innom det vesle øyriket både ti og femten gonger.

Mikal HeldalMikal Heldal vil kåsera om det tradisjonsrike sambandet mellom Tysnes og Shetland, om hjeltahandelen og hjeltabåtane. Det vert også orientering om ein tur til Shetland i sommar, med bilete frå ei ferd som nokre medlemmar av sogelaget gjorde dit i fjor.

Dette er det andre arrangementet i regi av Tysnes sogelag og Tysnes folkebibliotek – ei satsing som har fått namnet Sundagsakademiet. Det vil verta eit foredrag eller liknande program ein gong i månaden om emne som har med den lokale kulturen og soga å gjera, men det vil også vera plass for andre tema. Neste månad vil Britt Kjellesvik Rage halda foredrag om arbeidet sitt med folkedrakter frå Tysnes og Sunnhordland, med hovudvekt på å syna variasjonen og mangfaldet i kvinnedrakta på Tysnes, og vil visa bilete av klede som er henta fram frå kjellar og loft rundt om på øya.