Årsmøte 22. mars

Årsmøte i Tysnes Sogelag mars 2009

Det var mange sogelagsmedlemmer som møtte til årsmøte i Tysnes Sogelag som vart avvikla i Tysnes Sparebank sitt møtelokale i Uggdal.

Alt i alt var det 23 frammøtte som i tillegg til årsmøte også fekk høyra eit interessant foredrag av Kaare Skaala frå Kvinnherad, som fortalde om granskingar og fakta om anane til Rosenkrantz slekta og Mowat slekta som mange tysnesingar og kvinnheringar har slekts røter attende til.

Møteleiar under årsmøte handsaminga var Mikal Heldal som las opp årsmeldinga for forsamlinga. Tysnes Sogelag har mykje på gong også i 2009 og vil arrangera turar både lokalt og til nærliggjande historiske stadar.

Leiar i valnemnda Tor Atle Humlevik framførte innstillinga frå valkomiteen på leiar , nytt styremedlem og nytt varamedlem til styret. Jan Økland vart attvalt som leiar med akklamasjon. Magnhild Midtbø sa frå seg attval og nytt medlem av styret vart Marianna Heggland Brungot. Nytta varamedlem til styret for Erling Utne som hadde sagt frå seg attval, vart Kjersti Leite.

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen.

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen

Sist laurdag var det duka for det fyrste lokalhistoriske seminar i Solheimsdalen. Liz og Kaare Malkenes hadde invitert ein del kjente og aktive kulturpersonar til seminar og festleg samvær i dei gamle stovene til Søra-Peren.
 

Brit Kjellesvik Rage fortalde om – og viste den nyoppretta databasen om folkedrakter  på Tysnes. Ho viste også mange døme på gamle klesplagg frå Tysnes  som ho har i samlinga si.

Knut Rage fortalde siste nytt om Kensington steinen, og planane om å få plassert ein kopi av runesteinen på Onarheim. 

Urter i Sundagsakademiet


Sundag 18. april vert det ein ny foredragskveld på Tysnes folkebibliotek, i serien me har kalla "Sundagsakademiet". Denne gongen er turen komen til Anna Lise Sortland, som skal snakka om urter.

"Grønnkrafta" : urter til mat og medisin, har ho sett som namn på foredraget sitt. Anna Lise Sortland kjem til å snakka om urter som veks rundt oss – "ugras" som medisin, litt om hageurter og litt om medisinsk bruk av desse, og om korleis ein kan foredla urter ved turking, ekstrakt og oljeuttrekk. Ho vil fortelja historiar om urtebruk og om sine eigne erfaringar.

Anna Lise Sortland er busett på Stord, der ho arbeider som ergoterapeut og driv privatpraksis i heilskapsmedisin der urter og andre lækjande planter utgjer ein sentral del. Dei siste 13 åra har ho teke ulike utdanningar innan naturmedisin, og praktisert som sjølvstendig terapeut frå 2001 – først phytoterapeut (urte-terapeut), så nye terapiformer etter kvart som dei vart lagt til – kinesiologi, tankefeltterapi, metamedisinsk coach og litt akupunktur.

 

Få av oss tenkjer over kor mange urter og nytteplanter som eigentleg finst i ein gjengs hage. Kunnskapar som før var utbreidde mellom folk flest, ikkje minst om naturmedisin, er i dag for ein stor del gått i gløymeboka.

– Naturen byr på alt me treng, seier Anna Lise Sortland. – Resten er inni oss. Grønnkrafta i oss – det er det som får born til å veksa i mors liv, og får løvetann til å veksa opp gjennom asfalten. Grønnkrafta er også det som regulerer alle funksjonar inni oss slik at me har ei evne til å gjenskapa balanse når me er i ubalanse. Plantene kan hjelpa oss der me kjem til kort. Det me treng er ofte rett utanfor døra. Sjå deg omkring: kva planter er det som veks her? Kva verdi har dei for meg? avsluttar Anna Lise Sortland, som gler seg til å koma til Tysnes. 

Som vanleg vert det ein pause midtveges i programmet og tid til ein kopp kaffi og noko å bita i – og sjølvsagt ein god drøs.

Tid og stad: Sundag 18. april kl. 17, biblioteket i Tysneshallen. Gratis adgang.
Arr. Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag

Jens Tvedt-kveld på Sundagsakademiet

15. mars går det siste Sundagsakademiet for denne sesongen av stabelen. Då vert det til gjengjeld ein liten godbit: i kjølvatnet av Jens Tvedt-kabareten som hausta stor suksess no nyleg kjem sønene Asbjørn og Kolbjørn for å fortelja om faren – kunstnaren og diktaren Jens Tvedt.

Svært mange tysnesingar har eit måleri av Jens Tvedt hengjande på veggen. Men alle sider ved kunstnaren Jens Tvedt er ikkje like kjent – han let etter seg ein stor og omfangsrik produksjon. For folk flest er det kanskje landskapsmålaren Jens Tvedt som er mest kjent – men han både teikna og måla akvarellar med eit vidt spekter av motiv. Bileta hans er spreidde over heile Noreg, det var også stort sal i USA og Canada, forutan Sør-Afrika, Australia og Søraust-Asia – mest til utvandra nordmenn. 
Ei anna side ved Jens Tvedt som har kome meir fram i lyset i seinare år er diktaren og kåsøren Jens Tvedt. Versa hans kan vera både morosamme og lyriske, men også rammande og bitande om det var noko som gjorde han harm. Sonen Kolbjørn har tonesett mange av dikta etter faren, dei er også spela inn i studio og ligg i dag til gratis nedlasting på NRK Hordaland sine sider. Det er mykje av materialet herfrå som er nytta i kabareten.

Jens Tvedt (1901-1988) var fødd i Lunde. Etter nokre år som trikkekonduktør i Bergen vendte han heim og fekk arbeid som handelsbetjent i Lunde Handelsforeining. Seinare vart han styrar same staden. I 1948 vart han tilsett som likningssekretær i Tysnes kommune. Seinare vart stillinga omdefinert til likningssjef, ei stilling han hadde fram til pensjonsalder i 1971. 

På Sundagsakademiet vil Asbjørn og Kolbjørn Tvedt fortelja om faren som privatperson, og korleis det var å ha ein målande og skrivande far i huset. Kolbjørn vil også visa fram ein del av faren sine bilete via videokanon, og me vil sjølvsagt få høyra Kolbjørn m.fl. framføra faren sine songar. Med seg vil han ha fleire av dei medverkande frå kabareten – Marianne Tvedt, Karsten Iversen, Tore Hodneland (evt. også Endre Hodneland) og ikkje minst Anders Bakke, som spelte rolla som Jens Tvedt i kabareten. 

Vel møtt til ein triveleg Jens Tvedt-kveld på biblioteket i Tysneshallen! Som vanleg vert det tid til ein drøs og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 15. mars, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang. 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag

Med Sogelaget i spora etter Våge Lysverk

Sundag 15. juni arrangerte Tysnes Sogelag årets første tur av dei etter kvart så tradisjonsrike vandringane sine. 12 personar pluss ein hund hadde møtt opp på Amundstølen på Gjerstad for å få med seg eit stykke lokal industrihistorie.

Her finn me nemleg restane etter Våge Lysverk, som i si tid var det største av dei spreidde småkraftverka kringom på Tysnes.

Les meir

Spanskesjuka i Sundagsakademiet

Olivia Bruntvedt
Eit overslag viser at noko slikt som 10 000 nordmenn døydde under Spanskesjuka i åra 1917 og 1918 – på verdsbasis skal det ha vore noko slikt som 30 millionar. Også på Tysnes kravde den nifse sjukdommen sine dødsoffer. Og mange, mange fleire hadde lege sjuke, men friskna til att. Dette er noko av det dystre bakteppet for Olav Skjellevik sitt føredrag i Sundagsakademiet sundag 15. februar.

Les meir

Tron Bach i Sundagsakademiet

Mange tysnesingar gjekk glipp av eit storveges og interessant føredrag då Tron Bach snakka om og viste unike bilete frå bygginga av Bergensbanen. På sundag var det berre 25 frammøtte, men dei fekk i alle høve valuta for oppmøte, og fekk høyra og sjå ei detaljert og innhaldsrik soge om planane og realiseringa av eit av Noregs største sambandsprosjekt gjennom tidene.

Les meir