Bautastein på Kaldafoss.

Svein Ove Agdestein og Kaare M. Malkenes er båe medlemmer av Tysnes Sogelag. Dei jobba tett saman for å realisera ynskje om å få sett opp ein bautastein til minne om dei tre britiske flygarane som missta livet ved Rekstern i 1941. 8. mai vart steinen høgtidleg avduka. Du kan lesa meir om bakgrunnen for minnestein prosjektet her.  Meir en 125 møtte fram til avdukinga presis kl. 13 den 8. mai i stilla og solrikt vårver. Vidare finn du bilete av dei som var med på det praktiske med å reisa steinen.

 
Kaare M. Malkenes og Svein Ove Agdestein jobba godt saman.

Utan hjelp frå Harry Frøkedal ( t.v.) og Leif Arne Kaldafoss (t.h.) hadde vel ikkje prosjektet blitt noko realitet.

Årsmøte i Sogelaget

Påtroppande leiar Mikal Heldal saman med Jan Økland og Marianna Heggland Brungot

No synest eg det er på tide å levera stafettpinnen vidare, sa avtroppande leiar i Tysnes Sogelag Jan Økland på årsmøte som vart avvikla på Tysnes Skule sist sundag. Eg takkar for godt samarbeid med styret  dei 6 åra eg har vore leiar. Det har vore nokre interessante år med mange og utfordrande oppgåver.

Mikal Heldal vart valt til ny leiar. Han opplyste at aktiviteten i sogelaget framleis vil vera stor. Eit medlemstal på  snart 230 forpliktar,  og me har mykje på programmet også i år. Sogelaget vil delta med eige arrangement på Kulturminnedagen under Kystsogevekene i september. Tema i år er bortgøymte kulturskattar, og vårt arrangement vil me kalla ” Ballastrøyser frå tida med skottehandel”. Til dette arrangementet er planen å trekkja vekslar på resurspersonar frå Universitetet i Bergen og Sjøfartsmuseet, opplyste han.  Turar til kulturhistoriske stader vert det også fram på vårparten, og så skal me sjølvsagt vera synlege der tysnesingane ferdast i hopetal med eigen flott stand på mellom anna på Tysnesfest. Årets sogeskrift vert eit temahefte om dei gamle grendaskulane på Tysnes, og me har ei utfordrande oppgåve å koma i kontakt med elevar frå desse skulane. Mykje stoff har me samla, men me manglar spesielt frå gamleskulen på Gjerstad. Kontakta oss de som har noko å fortelja, var oppmodinga frå den nye leiaren.

Bygginga av Bergensbana i Sundagsakademiet

Sundag 18. januar går det første Sundagsakademiet i Tysnes folkebibliotek denne sesongen av stabelen. Det er to formidable storleikar som står på programmet – Bergensbanen og Tron Bach.

Sundagsakademiet har forlengst etablert seg som ein populær og godt besøkt foredragsserie på Tysnes, der interessante tema og gode, seriøse foredragshaldarar får boltra seg. Desse faste tilstellingane går no inn i 5. sesongen.

Då Bergensbanen vart bygd var det eit nasjonalt løft av verkelege dimensjonar. Bygginga av banen var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i eit ugjestmildt terreng høgt over havet, ein region utan vegar og kor det kunne vera fleire meter med snø om vinteren. Særleg var bygginga av den meir enn fem kilometer lange Gravhalstunnelen problematisk. Det vart jobba på tre skift kvar veke i seks år for å få tunnelen ferdig. For å skaffa kraft til utbygginga vart det bygd kraftverk i Gangdalsfossen vest for tunnelen, og eit kraftverk i Kjosfossen aust for tunnelen.

Bergensbanen var opphavleg 493 km lang og hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. I dag er den totale lengda 526 km. Den lengste tunnelen er Finsetunnelen med sine 10 300 meter. Den stasjonen som ligg høgast er Finse stasjon 1222 moh.

Jernbanelina er i dag ein populær turistattraksjon. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inntil lina og er eit populært turmål. NSB leigar ut syklar mellom anna på Finse. Ved Myrdal går det eit særs spektakulært sidespor (20 km) ned til Flåm. Flåmsbana er heilårsbane med redusert drift i vinterhalvåret.

Foredragshaldaren Tron Bach skulle kanskje ikkje trengja nokon nærare presentasjon. Som samfunnsutviklar på Tysnes har han vore høgt og lågt det siste året. Det er slett ikkje noko slumpetreff at det er nett Bergensbanen Bach skal snakka om – det er eit emne han kjenner grundigare enn dei fleste. Bach har vore ein sentral mann bak om

grepet "Finse 1222", som omfattar både sjølve høgfjellshotellet og også får ein til å tenkja på Rallarmuseet og den populære Rallarvegen. Seinast i 2008 gav Tron Bach ut boka "Rallarvegen – frå Haugastøl til Flåm og Voss" saman med Johannes Gjerdåker.

Som vanleg vert det tid til ein kopp kaffi og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 18. januar kl. 17, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang, ope for alle.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag. Bilete: Wikipedia. Biletet av Tron Bach er henta frå Tysnes kommune si nettside.

Mikal Heldal fekk prisen «Årets Skribent» på Sogesoddet i desember.

Mikal Heldal

Grunngjevinga til juryen som har vurdert alle artiklane som er publisert i Sogeskrift for Tysnes 2010.

Prisen  "Arets  skribent"  går i 2010  til Mikal  Heldal  for  forteljinga  "Maddelo  i Blekjet".

Forfattaren  har  gjeve  oss  ei  original  og  lesarvenleg  skildring  av  ein  kvardagslagnad  i bygdene  våre for om lag  100  år  attende  i  tid.  Det  er  ei folkelivsskildring  som  gjev  oss  eit levande  bilete  av  levekår  og
kvardagsliv  i bygdene  på  Tysnes.

Forteljinga  er  representativ  og  lærerik  når det  gjeld  kunnskap  om livsvilkåra  til husmannsfolk  og
fattigfolk  elles.  Me  får  innsyn  i  sosial  naud  og  elende.  Men  me  får  også  høyra  om  omsut  og  omtanke
– sosialt  ansvar  kan  me  kanskje  seia  – og  godt  naboskap  i bygdene.

Her  er  også  døme  på korleis  folk  kunne  driva  sjølvberging  – både  på  godt  og  vondt.
Soga  om Maddelo  og  Omund  er  levande  fortalt  og  ikkje  utan  humor  – me  kan  dra  på  smilebandet  av
hovudpersonen  sine  skikkar,  vanar  og  ikkje  minst  uvanar,  men  me  kan  også  –  i  alle  fall  mellom  linene
–  lesa  om  ein  tragisk  lagnad  og  eit  ikkje  berre  lukkeleg  liv,  som  nok  kan  vera  representativt  for mange
menneske  som  levde  i bygdene  våre  på  den  tida.

Faktaopplysningane  om  personane  er  dokumenterte  m.a.  i Gards-  og  ættesoga.  Når det  gjeld
skildringa  av  hovudpersonen  og  og  hendingane  rundt,  byggjer  det  på ein  munnleg  tradisjon  hjå etterslekta  og  i  grannelaget,  ein  tradisjon  som  no  er  skriftfesta.

Dette  ser  juryen  som  viktig,  og  me  vonar  at  det  kan  motivera  andre  som  mitte sitja  på  liknande  stoff,
til  å  fylgja  føredømet  til  årets  skribent

Kirsten Nesse                                                                                              Nils Magne Singestad

Vøling av Gjestadkvedno.

 

Gjerstadkvedno etter siste arbeidsøkta.jpg

 

Den gamle kvedno som står nederst i Gjestradelvo har no fått nytt tak. Kvedno stod til nedfall, men ein del entusiastar har lagt ned mange dugnadstimar for å redda det gamle kulturminnne. 

Gjennom nokre dugnadsøkter denne hausten har folk frå Tysnes sogelag/Tysnes museumslag laga nye sperrer og lagt på nytt sutak og takstein. Elling Skartveit har vore arbeidsleiar for prosjektet – han har også gjeve materialar, hogge til sperrer og saman med Egil Instøy teke saginga av materialane. Dugnadslaget har elles vore Jan Økland, Olav Skjellevik, Elling Skartveit og Mikal Heldal. No er taket tett og vona er at nokre dugnadsøkter til kan gjera dette gamle kulturminne berga for komande generasjonar.

Status ved oppstart av arbeidet.jpg

Kvedno før vølinga.
 

Sutakspikring.jpg

Nytt sutak

Elling slår inn den siste naglen.jpg

Elling slår inn siste naglen.

Flakke Kalkverk

 

Flakke Kalkverk

Teikning av Helge Lavik.
Artikkelforfattar Olav Skjellevik

I traktene rundt Flakkavågen og på Skorpo har me ein naturressurs me er åleine om på Tysnes. På Sletteskog, Barmen, Hetlelio, Skorpo og Laukhammar. Dessutan på øyene Ånuglo og Seløyo austfor Florneshalvøyo og Storsøyo nordfor Huglo. Her har det vorte brote kalkstein og marmor frå middelalderen av.Frå Varaldsøya ute i Hardangerfjorden, over austsida av Tysnes og Stord til sørste delen av Bømlo er det eit kalksteinsbelte som vart til i det vi kallar kambrosilurtida for om lag 400-500 millionar år sidan.


Kalksteinen og marmoren (omdanna kalkstein) vart til i eit grunt hav der det levde mengdevis av smådyr med kalkskal. Etter kvart som desse dyra døydde, vart kalkskala att på botnen. Sidan kom anna fjell oppå, og kalkskala vart gjennom nye millionar av år pressa saman og vart fast fjell.

På dei fleste gardane her var det i eldre tid ein kalkomn nede i fjøra. Ein meiner i dag å finna spor etter om lag 20 omnar.

I 1517 leverte Haff på Skorpetveit kalk på Bergenhus, og den samme Haff leverte 9 lester kalk (1 lest = 12 tønner) på Bergen Kongsgård til ein verdi av 21 gylden og 3 skilling.

I 1519 får Per Endresen Skorpo oppgjer frå kongsgarden for 7½ lester kalk, då oppgjort med 1 tønne mjøl,1 tønne malt, ein kjel og 2½ gylden.

Kalksteinsbryting og –brenning var vinterarbeid. Steinen vart ”skoten” ut, slegen til småstykker og lagd lagvis saman med ved i omnen. Produktet etter brenninga kalla dei ”mølkalk”.
Desse omnane hadde svært enkel utførelse – dei aller enklaste berre ei grop i jorda – men det vanlege var gråsteinsomnar på 2×3,5 m grunnflate og 2-2,5 m høge. Og dei visste vél kva dei dreiv med, dei gamle – dette var nedervd kunnskap. Det måtte vera minst 1000º C i omnen for å få kalksteinen brend. Ofte vart berre yttarste delen av steinen brent, og etter leskinga vart steinen brend om att i neste fyring.

Desse omnane vart fyrte med avbarka ved, vanlegvis furuved  – såkalla limved – 4-5 favnar til kvar brenning, og fleire stader vart skogen temmeleg snøydd. Til slutt var det så lite limvedskog att, at kalkbrenninga nærast tok slutt av den grunn.

For å gjera nytte av den brende kalken – ”mølkalken” (CaO), måtte den tilsetjast vatn. Då fekk ein leska kalk – eller ”mjølkalk” (Ca(OH)2 ) som dei kalla den. Denne hadde monaleg større volum enn den uleska.

Dette var ingen ufarleg prosess. Det vart utvikla stor varme, og ved ukyndig lesking, kunne det heile eksplodere. Leska kalk er svært etsande på huda, så det galdt å vera varsam.
Den ferdige kalken vart lagra i kalkbuer (eller rettare limbuer som dei vart kalla). Desse var alltid lafta, og golv, bjelkelag og murar var laga for å tola stor vekt.

Til haustars – etter onnearbeidet – vart kalken frakta vidare på jektene. Kalken vart så brukt som bindemiddel ved bygging av husmurar kringo i distriktet og ved store steinbygningar i byane. Mykje vart òg i si tid eksportert til Danmark.

I seinare tid selde dei kalk til bøndene i Kvinnherad der det gjorde godt på dei kalkfattige åkrane der.
Og namn i området vitnar om denne virksomheten: Me har Limudalen i Flakkavågen, Limostedlo i Barmen og Limhaugen på Laukhamar.

På Laukhamar står òg den einaste limbua som er att. Ho kan vera over 200 år gammal. Dei nederste omfara av tømra er framleis kvite og til dels etsa av kalk.

Alle mottakarane var ikkje like fornøgde med Flakkavågs-kalken som dei meinte vart leska med sjøvatn. Dei ville heller ha Mostra-kalk eller Storda-kalk som var leska med ferskvatn.

Prisen på uleska kalk var vèl dobbelt så høg som den leska, men det å føra uleska kalk på jektene i all slags vêr, det våga dei færraste – Då fekk heller den ekstra fortenesta vera.

I 1865 var det 9 kalkomnar i området som produserte om lag 450 lester – ca. 900 tonn årleg. Men så var det jamt slutt. Veden vart for dyr.

Her på Flakka kom det om lag 1872 ein ”moderne” kalkomn med tanke på industriell produksjon. Det var ein Elling Skorpetveit som starta opp, men då han flytta til Moster i 1880 kjøpte Hans Møllerupsen Skaten Flakka, og saman med brørne sine Lars og Gjert på Skato og svogeren Knut Skjelevikjo vart så dei eigarane.

Denne omnen var kolfyrt. Kol (og litt ved) og kalkstein vart lagt lagvis ovanfrå i det flaskeforma brennkammeret av eldfast stein, og så tende dei på nedanfrå. Eit murt trekksystem i botnen sytte for god varme. Den brende kalken vart lagra i to kalkbuer nedanfor omnen.

Når kalkstein og kol skulle opp i omnshuset, vart dette heist fram på eit gangspel på nordsida. Me finn framleis merker etter dette gangspelet. I ”Hjulhuset” oppe på ”Hjulhaugen” hadde ”Ivar Stølen” – Ivar Jonson Hetlelid – i alle år fast jobb med å trø hjulet på gangspelet.

Lars Skato var den som leia sjølve brenninga, Hans Storsøyo, gift med Siri Skato, førte rekneskapen og ordna med sal av kalk.

Kalksteinen trong dei ikkje fara langt for å henta. Mykje vart nok henta frå Storsøyo ute ved Laukhamarsundet og på Seløyo. Begge stader vart det brote kalk til etter siste verdskrigen.
Med ei jekt som vart kalla ”Omnsjekto” førde dei kalksteinen til omnen og kalken derfrå. Med ”Omnsjekto” førde dei kalklaster til Stavanger, til Sogn og hendevis heilt nord til Trondheim. På heimveg hadde dei til vanleg ei eller anna form for returlast – ofte poteter.Det var Hans Flakka som førte jekto.

Kalkomnen var i bruk til 1900/1901 – truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste, på slutten truleg ikkje kvart år. I 1901-1903 vart alt som kunne omsetjast selt og salssummen fordelt på dei 8 eigarane. Den eldfaste mursteinen inni omnen for ein veg, utstyr og reiskap ein annan.
Omnshuset vart selt til Solesvik på Hufterøya, og i ei løe der finn me den nordre kalkbua. Den andre kalkbua står på næraste gardsbruket i sør – i dag som underhus til ein garasje.

Murane har så stått urørte sidan – gøymd og gløymd mellom tre og buskas. I 1992 gjorde Tysnes Kulturminnelag eit storarbeid med rydding og litt restaurering. Dei sette også då opp trappa, plattingen på toppen og sitjebenkene nedanfor. Det var store planar for meir, men det vart med dette.

For tida er det eg som putlar med rydding kring omnen slik at dette kulturminnet kan vera så nokolunde presentabelt for gjester.

Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen

 

Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen.

 

Brugde

 

I Sunnhordland årbok 1969 skreiv Johan Tufteland om ”Den gamle brugdefangsten”. Der fortel han mellom anna om handelsmannen i Kvalvåg, Hendrik Christie, som i si tid vart ein føregangsmann innan fangst av brugda. Dei store åra for brugdefangst var frå om lag 1770 og til 1850.

Christie hadde ein dreng frå Flakkavågen – Hans Andersen (1753). Hans førte brugdebåten, eller ”bregdebåten” som det vel heitte lokalt, til Christie til han gifta seg og byrja for seg sjølv. Hans busette seg på Gåsnes 1780, og Tufteland skriv at ”der står stova hans enno”. Sønene til Hans – Anders Gåsnes og Tormund Stangeland – tok opp fangsten vidare og dei vart begge velstandsfolk, og åtte mellom anna partar i Ølens-kyrkja og Avaldsnes-kyrkja. Det skal finnast både harpuner, flense- og brugdekniv etter dei.

Hans Andersen (1734-1793) var truleg frå Espevikjo (E.B. Drange: Gards- og Ættesoge for Tysnes, bd. IV, s. 785). Hans vart gift i 1769 med Maria Peders(Petters?)dtr. Barmen (f.1736). Maria var soleis av Barma-slekt og ho var tippoldebarn av Axel Mowat.

 

Under ”Tysnes rundt” har det år om anna vore med brugdebåt frå Austevoll. Desse båtane kunne ha litt ulik storleik, men ein middels stor brugdebåt tok om lag 20 strokk (tønner). Brugdelevera kan ha ein storleik som utgjer meir enn 20% av vekta til fisken. Og brugda kan bli opptil 12-13 m på det meste, og er vel – etter kvalhaien – den største fisken i verda. Dette fisket tente dei gode pengar på i mange år sjølv om det berre var levera dei nytta. Samanhengen var vel at etterspurnaden etter lyse (tran) var særs god desse åra – før mineralolja kom og tok over marknaden. Det var same utviklinga i fleire kystsamfunn kring i Europa, som på t.d. St Kilda vest for Skottland, men der var det olje frå sjøfugl dei hadde innkome frå.

Det kunne vera 10-12 tønner lever i ei brugde, og Tufteland skriv at dei for lyse fekk ½ dalar for kanna, og levera frå ei middels brugde kunne såleis seljast for opp mot 150 dalar – mykje pengar i dei dagar. Det har og vore peika på at lyse frå brugda hadde særlege eigenskapar, mellom anna med omsyn til kva temperatur den kunne tåla.

 

Fangsten var enkel – dei siglde eller rodde og styrde med ei år slik at ” – det kom ei fin vór eller rast etter båten. I denne rasta samla raudkamåta seg og det var maten brugda skulle ha”.

Brugda seig så nær båten at dei stakk henne med harpun festa til ei hampelina på nærare 300 famnar. Hampelina måtte vera lenger enn avstanden ned til botnen. Brugda gjekk rett til botnar og trefte den då på fjellgrunn så slo ho seg i hel. Viss ikkje så skjedde tok ho av garde og kunne dra båten langt av leid. Når brugda vart utmatta vart ho halt inntil båten og bunden opp framme og bak. Buken snudde seg opp og dei skar ut levera slik at den flaut ut, og så måtte dei løysa toga framme og bak slik at fisken ikkje drog båten under. Levera vart kutta opp og samla i tønner. Dei kokte lyse av levera og det var salsproduktet. ”Karane hadde litt av ein fest om hausten når dei dreiv og brende lyse. Dei kjøpte seg gjerne eit lite brennevinsanker som dei skorde opp attmed grua, og då gjekk dei i ein rus så lenge brenninga stod på. Men det var også dei som tykte det vermde nok med berre brenninga.”

Så langt Tufteland.

Men i Flakkavågen fekk me ei brugda på vitjing på 50-talet. Ei så stor fisk måtte vekkja merksemd. Me såg brugda nede ved Sletteskogsjøen – der seig ho forbi ein dag. Nils Skorpen, som var postmann på den tida, rodde på brugda ein dag han var på veg utover med posten. Dessutan gjekk brugda i garnet til Hanno Flakka – det vil seia – brugda tok garnet med seg. Enden på brugdesoga var at Lars og Olav Skaten rodde bort og slo ei heimelaga harpun i brugda borte ved Rundeholmen. Det kom inn ei skøyta med solid vinsj – dei løfta litt i fiske slik at ein kunne ta ut levera. Så vart brugda sleppt til botnar, og i klår sjø kunne me i åra etterpå sjå beingrinda. Og levera? – det siste eg såg av den var at det stod ei tønne eller to med lever utanfor butikken på Skato. Slik enda siste brugdefangsten på våre kantar. Og så skulle me vel vore ein tur til Gåsnes – det må verta ei sak for Tysnes sogelag.

 

Fil:Brugde.JPG

 

Mikal Heldal

Utstillinga i Onarheim kyrkje

Timeglaset på preikestolen i Onarheim kyrkje.Olav Skjellevik var initiativtakar til utstillinga som i sumar vart sett opp i Onarheim kyrkje. Målet var å ha det klart til olsokmarkeringa i år, og det gjekk greitt, fortel Olav.

Eg har fått mange lovord om utstillinga og  den skriftlege omtalen som eg har laga for kvar einaste objekt. Det meste har eg funne bortgøymt  i skuffer og skap bak alteret, sakristiet og jamvel i klokketårnet.   Det er gamle salmebøker og biblar og jamvel timeglaset som prestane laut bruka på preikestolen for å halda kontroll på at dei ikkje preika meir en 1 time som var strengt regulert i gamle dagar.