Lokalhistorisk biletsamling

Skrevet av Knut Rage Mandag 07/02/2005 - 01:00

Tysnes kommune sit på ei diger skatt av gamle bilete, ikkje minst i samband med det omfattande arbeidet som Tysnes Sogelag har stått for opp gjennom åra i samband med Johannes Heggland si Tysnes-soge og dei store ættesogene. I 2003 vart ansvaret for samlinga overlate til folkebiblioteket.

TysnesBiblioteksjefen har føreslege at ein går saman med sogelaget om ein felles dugnad for å ta vare på alle desse gamle bileta. Ein slik dugnad vil falla i to bolkar:

Overføring av bilete til digitale media, dvs. til data slik at dei med tida kan gjerast tilgjengelege på CD-ROM eller internett, eller i bokform

Å samla inn opplysningar om bileta. Kven er desse menneska, når vart bileta tekne og i kva høve? Til dette arbeidet treng me å gå gjennom biletsamlinga med eldre folk.

Stikkord