Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen.

Skrevet av Kaare Myrvold … Fredag 16/04/2010 - 10:13

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen

Sist laurdag var det duka for det fyrste lokalhistoriske seminar i Solheimsdalen. Liz og Kaare Malkenes hadde invitert ein del kjente og aktive kulturpersonar til seminar og festleg samvær i dei gamle stovene til Søra-Peren.
 

Brit Kjellesvik Rage fortalde om - og viste den nyoppretta databasen om folkedrakter  på Tysnes. Ho viste også mange døme på gamle klesplagg frå Tysnes  som ho har i samlinga si.

Knut Rage fortalde siste nytt om Kensington steinen, og planane om å få plassert ein kopi av runesteinen på Onarheim. 

Arrangement
Nyhet
Stikkord