2011

Boksal på Tysnesfest

Bilete viser Liz Malkenes og Mikal Heldal som riggar til med bøker og anna på standen. Glaset til høgre innheld blodigler frå Setteskogen. To av iglene vart fanga med grillribbe som agn. Den tredjevart fanga med entrecote som agn.

Atten deltakarar på sommarturen!

Årsmøte i Sogelaget

04/04/2011

Påtroppande leiar Mikal Heldal saman med Jan Økland og Marianna Heggland Brungot

No synest eg det er på tide å levera stafettpinnen vidare, sa avtroppande leiar i Tysnes Sogelag Jan Økland på årsmøte som vart avvikla på Tysnes Skule sist sundag. Eg takkar for godt samarbeid med styret dei 6 åra eg har vore leiar. Det har vore nokre interessante år med mange og utfordrande oppgåver.

Bygginga av Bergensbana i Sundagsakademiet

01/09/2011

Mikal Heldal fekk prisen «Årets Skribent» på Sogesoddet i desember.

01/06/2011

Mikal Heldal

Grunngjevinga til juryen som har vurdert alle artiklane som er publisert i Sogeskrift for Tysnes 2010.

Prisen «Arets skribent» går i 2010 til Mikal Heldal for forteljinga «Maddelo i Blekjet».

2012

Jubileumsmarkering for sogeskriftet.

Professor Ole Didrik Lærum får blomar og Sletteskoglefser som takk for eit stålande foredrag.

Sogeskrift

05/12/2012

Sogeskrift for 2008

Sogeskrift for 2009

Sogeskrift for 2010

Sogeskrift for 2011

Sogeskrift for 2012

Sogeskrift for 2013

Attval på Årsmøte

Sigrid Kaale frå Kvam Soge- og Kulturminnelag.

2013

Sogesodd 2013.

Omlag 40 medlemmer og gjester var med på Tysnes Sogelag sitt tradisjonelle «Sogesodd møte» i Tysnes Bedehus sundag 1. desember, der årets «Sogeskrift for Tysnes», og kalender med gamle bilete frå dei 4 kyrkesokna blir lansert.

Lokahistoriske dagar og årsmøte i Hordaland sogelag 2013.

Frå venstre: Leiar i Hordaland sogelag Else Marie Kind Hevrøy , Kaare M. Malkenes, Liz Malkenes, Sigrid Kaale Kvam soge- og kulturminnelag.

Årsmøte 2013.

Gunnvor Solheim mottok blomar som takk for innsatsen i styre.

Hildegunn Knudsen vart nytt medlem i styre for Tysnes sogelag.

20 personar møtte til årsmøte på Tysnes skule 10. mars. Gjesteforelesar var Nils Kåre Myklebust som fortalte om soga til Seløystova og planane om å byggja eit «gildetun» på Onarheim.

Nesten 1000 søk på nettsida i 2012.

956 nettbesøk i 2012.

956 personar vitja nettsida til sogelaget i 2012. Google Analytics syner at 24% var bergensarar, 17 % tysnesingar og 16% frå haugalandet. Resten fordeler seg på heile Noreg, men også utlandet. Dei fleste vitja nettsida vår via Tysnesingen.no

2014

God Jul & Godt Nyttår!

Tysnes Sogelag vil ynskja våre medlemmer, vener og sponsorar ei fredeleg julehøgtid og dei beste ynskjer for det nye året.

Sogesoddet er et årets høgdepunkt.


Sogesodd og kalender. Les om festen og omtale av årboka til Tysnes Sogelag. Kjøp i Nettbutikken.

Tretten på tur.

08/25/2014

Kaffipause på hytta til Hans H. Flornes.

( Tekst og bilete Mikal Heldal)

Tretten på tur.

08/25/2014

Kystsogevekene 2014.


Også i år vil Tysnes sogelag ha arrangement på Tysnes i samband med Kystsogevekene 2014. Det blir samling i Skorpo gamle skule og tema for møte er Husmannsvesenet med foredrag av historikar Arne Sollie. Møte blir sundag 14. september kl. 15 og er ope for alle interesserte. Ta gjerne med ein matbit og termos med kaffi. Vel Møtt!

Bautastein på Kaldafoss.

05/13/2014

Sogelaget arrangerer turar i nærområde.

Årsmøte 2014.

Arne Magnussen var gjesteforelesar på årsmøte 9. mars, Han fortalde om fjordafiske
på 1950 og 60 talet. Sist på 60 talet vart bomull og annan naturfiber bytta ut med nylon.
Ei ny vinning som betydde mykje for fiske og fangst på kysten.

Aukande besøkstal for nettsida!

2015

God Jul og Godt Nyttår!

12/23/2015

Sydvest Bokfestival i Etne 12. – 15. november.

11/15/2015

Fleire frå Tysnes var aktive deltakarar på Sydvest Bokfestival i Etne i helga. Britt Kjellesvik Rage presenterte Dokker i folkedrakter frå Vestlandet. Ho formidlar dei gamle folkedrakttradisjonane på ein framifrå måte gjennom dokkene.

Kurs "Heimeside" i Bergen 24. september.

08/30/2015

Hordaland sogelag arrangerer kurs i Bergen torsdag 24. september. Les meir om dette på http://www.hordalandsogelag.no/kurs-heimeside-i-bergen-24-september

Treskokurs på Sletteskogsjøen fredag 11. september.

08/21/2015

Blide Blide jenter på skuleveg i tresko. Frå Bundesarkiv.

Treskokurs

Kystsogevekene på Skorpo gamle skule sundag 13 september.

08/21/2015

Bilete fra skulestova i Skorpo gamle skule.

Årsmøte i Hordaland Sogelag.

04/05/2015


Liz Malkenes møtte att Øystein Jansen. Eg håpar han får tid til å besøkja oss på Sogesoddet 29. november.

Liz Malkenes og Jan Økland var utsendingar frå Tysnes sogelag til årsmøte i Hordaland sogelag på Bømlo 14. og 15. mars. Bladet Tysnes har reportasje og bilete frå årsmøte på Bømlo. Avisartikkelen kan du lesa her.

Årsmøte 2015.

03/02/2015

Professor ved UIB Jon Askeland fortalde soga om Vestmannalaget som han no er leiar for. Det var det fyrste mållaget som vart skipa i Norge i 1868. Gildt å møta tidlegare sambygdingar også fortalde Askeland.

Nytt frå styret.

02/07/2015

Styret i Tysnes sogelag har hatt sitt fyrste styremøte i 2015 og har planlagt diverse aktivitetar for inneverande år. Her finn du mellom anna informasjon om Hordaland Sogelag sin studietur til Hebridane. Skrivet frå leiar Mikal Heldal finn du her.

Auke i besøkstalet for nettsida!

01/27/2015

I fjor var det 1439 unike besøk på nettsida vår. For 2013 var talet 1117. Det er ein auke på 28%.

2016

Sogeskrift i PDF format.

11/14/2016

Styret i Tysnes Sogelag har bestemt at frå no og frametter vil laget gjera eldre sogeskrift tilgjengeleg på nettsida i PDF format. Du finn peikaren heilt til høgre her på denne sida eller klikk her.

Sogesodd 2016.

11/10/2016

Knut Rage fekk mange lovord om arbeidet han har lagt ned i å fremja kultursoga til Tysnes og Sunnhordland. Han mottok eit handmåla Ikon i gåve frå sogelaget. Les meir om sogesoddether.

Sogeskrift for Tysnes 2012

Denne hausten er det 10 år sidan Tysnes sogelag samla styret og gode hjelparar til møte i Storastovo i Neravåge. På det møtet vart det avgjort at me skulle gje ut Sogeskrift for Tysnes og at det første heftet skulle ha innhald frå materiale som Olav Hjertaker hadde hatt på prent i bladet Tysnes. Sogeheftet vart godt motteke og ga inspirasjon til dei sogehefte som har kome ut gjennom åra.

Kulturminne på Tysnes.

03/10/2016

Kulturminneplan for Tysnes kommune skal utformast. Dette arbeidet skal Tysnes sogelag ta del i. Ein lekk i dette arbeidet vert møte i ulike bygdelag.

For austsida av Tysnes vil me skipa til eit samrådingsmøte tysdag 22. mars kl. 17.00 på Onarheim skule, biblioteket. Vel møtt!

Årsmøte 2016.

02/21/2016

Før og no bileta til Olav Skjellevik er alltid populære og han haustar mange lovord når han viser dei fram. Blomegåva han mottok på årsmøte sette han tydlegvis pris på. Bladet Tysnes har skrive om årsmøte. Artikkelen som stod på prent i avisa kan du lesa her.

2017

Sogeskrift 2015

05/07/2017

Sogeskrift 2014

05/07/2017

Sogeskrift for Tysnes 2014 har nok ein gong blanda innhald. Markeringa av 200-års jubileet for grunnlova får litt plass i dette heftet. Kven var dei som for 200 år sidan skulle velja valmenn og senda folk austover til Eidsvoll?

Me finn at dette var ressursrike menn i Tysnes-samfunnet – både embetsmenn og bønder/fiskarar. Arne Ludviksen minnest dei mange band han har til Laukhammar – han tek oss med til åra kring siste verdskrigen, og han får gjeve oss innsikt i den revolusjonen som har skjedd innan samferdsle sidan den gongen.

Sogeskrift 2013

05/07/2017

Som vanleg inneheld Sogeskrift for Tysnes nytt og gamalt materiale. Gjennom åra – heilt frå starten av sogeskriftet har me hatt eit nært tilhøve til bladet Tysnes, og oppstarten i 2002 var totalt sett basert på artiklar som Olav Hjertaker skreiv i bladet. Så er det materiale som journalistar i bladet skreiv om personar/hendingar og med lokalhistorisk innhald. Dette året tek me med Ingelin Røssland sitt stykke om «Den fyrste bilist på Onarheim». Dette er eit gildt attersyn!

Sogeskrift 2011

05/07/2017

Sogeskrift for Tysnes er dette året retta mot dei gamle grendeskulane. Frå 1870-åra og frametter mot 1920 vart det satsa stort på skulebygg i grendene kringom på Tysnes. Desse skulebygga var stort sett bygde over ein leist: gang, kammers og skulestove. Gangen med vask, sinkbøtte, ause til å drikka av og ei bratt trapp opp til eit loft med varierande standard og bruk.

Sogeskrift 2010

05/07/2017

Sogeskriftet 2010 er nok ein gong med sterkt variert innhald. Temaorienterte sogeskrift kan vera særs krevjande, men i 2011 vert gamle skulehusa eit tema.

Sogeskrift 2009

05/07/2017

Også i 2009 er Sogeskrift for Tysnes eit av dei store prosjekta til Tysnes sogelag. Dette året gjekk to av nestorane i Tysnes sogelag bort. Jan Økland har skrive minneord om desse to trugne tenarane, som ytte sin store innsats i arbeidet for Kultursogene og Gards- og Ættesogene.

Sogeskrift 2008

05/07/2017

Også dette året spenner innhaldet i Sogeskrift for Tysnes over mange emne. Frå Johannes Hjertaker var me så heldige å få eit stykke som faren, Henning Hjertaker, skreiv då han var framimot 90 år – Livsminner.

Årsmøte 2017.

02/26/2017

Kaare M. Malkenes mottek blomegåve av avtroppande leiar Mikal Heldal som takk for innsatsen i styret dei siste 10 åra.

2018

Sogesodd 2018 sundag 9. desember kl. 15.

Sogesodd 2018 blir i Tysnes Bedehus sundag 9. desember kl. 15.
Vanleg sogesodd program med god mat og drikke. Vel møtt!

 

Sogelaget arrangerer busstur til Voss laurdag 16. juni.

Avreise frå Våge med ferja laurdag 16. juni kl. 08.10.
Programmet for Vossaturen er besøk på Mølstertunet, omvisning på Hedleberget på Kyte inklusive middag og kaffi. Heimturen går via Granvin. Påmelding til Sigurd Bjordal telf. 90868624, eller Olav Skjellevik telf. 91532806.

Tysnes Sogelag vil leiga det gamle tinghuset.

05/26/2018

Sogelaget treng loakale for å ta vare sogeskrift og bygdebøker som no er lagrra på ymse stader. Styret har difor kontakta Tysnes Kommune og førespurt om ein leigeavtale for det gamle tinghuset i Uggdal. Me håpar på eit positivt svar seier sogalagsstyret.

Sigurd Bjordal vart ny leiar i sogelaget.

03/22/2018

Årsmøte 2018.

Årsmøte i sogelaget blir sundag 18. mars kl.15.00 i Tysnes Bedehus.

 

Program ved Kaare M. Malkenes som vil presentera prosjektet «Kulturminneregistrering på Tysnes», som no er utført.
Elles vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2018, val, lagerplass for laget sine eignelutar.
Alle interesserte er velkomne.

Sogesodd 2017.

Sentrale personar på årets sogesodd f.v. Olav Skjellevik, Kaare M. Malkenes, Mikal Heldal og Jan Økland.
I samråd med Bladet Tysnes kan du lesa det avisa skreiv om Sogesoddet i utgåva 30. november her.