Med Sogelaget i spora etter Våge Lysverk

Sundag 15. juni arrangerte Tysnes Sogelag årets første tur av dei etter kvart så tradisjonsrike vandringane sine. 12 personar pluss ein hund hadde møtt opp på Amundstølen på Gjerstad for å få med seg eit stykke lokal industrihistorie.

Her finn me nemleg restane etter Våge Lysverk, som i si tid var det største av dei spreidde småkraftverka kringom på Tysnes.

Les meir

Flatpakka båtar og Shetlandshandel i 350 år

VikingskipI samarbeid med Tysnes folkebibliotek arrangerar sogelaget søndag 18.2 kl 17 til eit nytt Sundagsakademi. Har du drøymt om å reisa til Shetland, eller har du vore der ein gong? I dag høyrer Shetland og Orknøyene til Storbritannia, men var i si tid norske område. Framleis er tilknytinga til Noreg sterk, særleg på Shetland. Her snakka dei ein norrøn dialekt fram til 1800-talet.

I alle år har det vore eit tett samband mellom Tysnes og Shetland, ikkje minst gjennom den såkalla hjeltahandelen – det livlege handelssambandet som sikra det trefattige Shetland både tømmer og båtar. Over Nordsjøen var det to døger å ferdast med båt – småtteri for sjøvante menneske som nytta havet som ferdselsveg. Såleis eigde nokre av storfolka på Tysnes også jord på Shetland.

Mikal Heldal i ivrig samtale med Tommy Isbister, ein av dei beste båtbyggjarane på ShetlandSærleg interessant er kapitlet om hjeltabåtane. Det var båtar som var sett saman som "halvfabrikata" på Tysnes og seinare frakta til Shetland i større båtar og gjort ferdige der. For nokre få år sidan arrangerte Mikal Heldal ei gjentaking av denne trafikken. Saman med to røynde båtbyggjarar frå Onarheim, Helge Storetvedt og faren Einar Heldal, reiste han til Shetland med ein halvbygd "hjeltabåt" som dei sette saman der borte. Eksperimentet vekte mykje merksemd.

Shetland er sjølvsagt også kjend gjennom Shetlands-Larsen og nordsjøbussane under krigen, og det er ikkje få fiskarar og sjøfolk frå Tysnes som har vore innom det vesle øyriket både ti og femten gonger.

Mikal HeldalMikal Heldal vil kåsera om det tradisjonsrike sambandet mellom Tysnes og Shetland, om hjeltahandelen og hjeltabåtane. Det vert også orientering om ein tur til Shetland i sommar, med bilete frå ei ferd som nokre medlemmar av sogelaget gjorde dit i fjor.

Dette er det andre arrangementet i regi av Tysnes sogelag og Tysnes folkebibliotek – ei satsing som har fått namnet Sundagsakademiet. Det vil verta eit foredrag eller liknande program ein gong i månaden om emne som har med den lokale kulturen og soga å gjera, men det vil også vera plass for andre tema. Neste månad vil Britt Kjellesvik Rage halda foredrag om arbeidet sitt med folkedrakter frå Tysnes og Sunnhordland, med hovudvekt på å syna variasjonen og mangfaldet i kvinnedrakta på Tysnes, og vil visa bilete av klede som er henta fram frå kjellar og loft rundt om på øya.

Nyttårsvandring

Eit godt forsett for året som kjem er kanskje å koma seg oftare ut av godstolen og ut i skog og mark? Ein skal ikkje langt avgarde før lydar av bilar og andre motorar stilnar av og vert vekke, og du er i ei meir "tidlaus" verd der du lettare kjem i kontakt med fortida og dei menneska som har slite her på øya opp gjennom tidene.

Les meir

Tysnes-soga i eit nøtteskal

Det er for det meste semje om at namnet Hordaland – hordane sitt land – er eit minne om innvandring av den folkegruppa vi kallar harudar og som opphavleg budden i Jylland i Danmark. Nokon hevdar at dei kom i jarnalderen, for omlag 2000 år sidan, medan andre meiner at dei kom alt i bronsealderen, kanskje meir enn 1000 år tidlegare.

Les meir

Sogeskrift for Tysnes

Sogeskrift og kallender for 2010 er å få kjøpt på fylgjande stader:
* Bok & Fritid i Våge.
* Bruntveit handel, Rekstern.
* Joker, Flakkavågen.
* Joker, Årbakka.
* Joker, Uggdal.
* Biblioteket i Tysneshallen.

Sogeskrift for Tysnes kom ut fyrste gongen i 2002 og var i sin heilskap vigd artiklar av Olav Hjertaker, som diverre ikkje rakk å leva nok til å sjå det ferdige produktet.

Sogeskrift for Tysnes 2002
I 2003 var det okkupasjonstida på Tysnes som stod på dagsorden Femten bidragsytarar fortalde i skrift og bilete om korleis det var å leva i Tysnes desse fem lange åra, anten det no var sjølvopplevd eller ein nytta anna grunnlagsmateriale. Til liks med heftet frå året før vart også denne utgjevinga ein suksess, mesteparten av opplegget vart seld vekk på eit par veker.

Sogeskrift for Tysnes har ein redaksjon på fem personar. Fram til 2004 har desse vore: Sverre K. Dalland Anny Gjøvåg Mikal Heldal Kirsten Alsaker Kjerland Knut Rage, red.

Men det er sjølvsagt den einskilde bidragsytaren som er med og skriv desse heftene! For inneverande år har me ikkje sett noko bestemt tema, men vil i utgangspunktet laga til eit hefte med artiklar om ulike emne. Kan DU tenkja deg å bidra her, eller har du tips til artiklar eller anna? Ta kontakt med oss pr. epost, brev eller telefon!

For 2005 vert temaet for Sogeskriftet utvandringa til Amerika. Redaktør for denne utgåva vil vera Kirsten Kjerland. Me er takknemlege for alt stoff – tekst og bilete, eller tips, smått som stort!