Styret i Tysnes Sogelag har bestemt at frå no og frametter vil laget gjera eldre sogeskrift tilgjengeleg på nettsida i PDF format. Du finn peikaren heilt til høgre her på denne sida eller klikk her.
Skribentarkiv: Kaare Myrvold Malkenes
Sogesodd 2016.
Knut Rage fekk mange lovord om arbeidet han har lagt ned i å fremja kultursoga til Tysnes og Sunnhordland. Han mottok eit handmåla Ikon i gåve frå sogelaget. Les meir om sogesoddet her.
Kulturminne på Tysnes.
Kulturminneplan for Tysnes kommune skal utformast. Dette arbeidet skal Tysnes sogelag ta del i. Ein lekk i dette arbeidet vert møte i ulike bygdelag.
For austsida av Tysnes vil me skipa til eit samrådingsmøte tysdag 22. mars kl. 17.00 på Onarheim skule, biblioteket. Vel møtt!
Årsmøte 2016.
Før og no bileta til Olav Skjellevik er alltid populære og han haustar mange lovord når han viser dei fram. Blomegåva han mottok på årsmøte sette han tydlegvis pris på. Bladet Tysnes har skrive om årsmøte. Artikkelen som stod på prent i avisa kan du lesa her.
God Jul og Godt Nyttår!
Sydvest Bokfestival i Etne 12. – 15. november.
Fleire frå Tysnes var aktive deltakarar på Sydvest Bokfestival i Etne i helga. Britt Kjellesvik Rage presenterte Dokker i folkedrakter frå Vestlandet. Ho formidlar dei gamle folkedrakttradisjonane på ein framifrå måte gjennom dokkene.
Knut Rage framsa eit inspirerande foredrag under plakaten " Digital formidling for alle". Der han inviterta alle som er interessert i lokalhistorieformidling å registrera seg på Lokalhistoriewiki. Her fortel han om facebook sida "Tysnes før i tio" som har passert 2000 medlemmer.
Elles kan du lesa meir om bokfestivalen på nettsida til Hordaland Sogelag.
Kurs «Heimeside» i Bergen 24. september.
Hordaland sogelag arrangerer kurs i Bergen torsdag 24. september. Les meir om dette på http://www.hordalandsogelag.no/kurs-heimeside-i-bergen-24-september
Treskokurs på Sletteskogsjøen fredag 11. september.
Blide Blide jenter på skuleveg i tresko. Frå Bundesarkiv.
Treskokurs
Tysnes sogelag og / Hordaland sogelag skipar til:
Kurs i treskolaging fredag 11. sep. 17.00 – 19.00 og laurdag 12. sep.
09.00 – 16.00. Kursleiar Helge Hisdal. Kursavgift kr 200,-.
Frist for påmelding 1. sep. 2015. Inntil 6 deltakarar.
Laurdag 12. sep. 12.00 – 14.00: ope hus med registrering av
treskoverktøy for dei som har slikt i si eige. Kaffi og vaflar.
Kurstad: Flakkavåg båt og treindustri, Sletteskogsjøen.
Interesserte melder seg til mikalhe@gmail.com eller SMS til 48096673
Kurset er støtta økonomisk av Hordaland fylke og Kulturrådet.
Kystsogevekene på Skorpo gamle skule sundag 13 september.
Bilete fra skulestova i Skorpo gamle skule.
Tysnes sogelag og Tysnes folkeakademi:
Skorpo skule sundag 13. sep. kl. 15.00
Kystsogevekene: Amanuensis Arild Marøy Hansen: «Leia som historieforteller»
Om marinearkeologiske funn kring Tysnes.
Alle er velkomne. Gratis!
Årsmøte i Hordaland Sogelag.
Liz Malkenes møtte att Øystein Jansen. Eg håpar han får tid til å besøkja oss på Sogesoddet 29. november.
Liz Malkenes og Jan Økland var utsendingar frå Tysnes sogelag til årsmøte i Hordaland sogelag på Bømlo 14. og 15. mars. Bladet Tysnes har reportasje og bilete frå årsmøte på Bømlo. Avisartikkelen kan du lesa her.