Deltok på årsmøte i Hordaland sogelag.

Marit

Marit og mannen Bernard Sæløen har delteke på årsmøte i Hordaland sogelag dei siste åra. Eg har vore valt utsending frå Tysnes sogelag, og når det har passa
slik har Berner også fått vera med, fortel ho.

Marit har skrive ein liten omtale av årsmøte som vart avvikla i Øygarden 7. og 8. mars.
 

Årsmøtet tok til med lunsj i den gamle kasserna tilhøyrande Fjell Festning.  Ove Midttun frå Fjell kulturminnelag opna med å ynskje alle velkommen, deretter fekk ordføraren i Øygarden kommune,  Tom Gerhard Indrevik ordet og snakka litt om den nye kommunen, før Knut Farestveit, formannen i Hordaland sogelag hadde ordet.    

Etter lunsjen som var ei nydeleg fiskesuppe gjekk turen opp til Fjell festning, der deltakarane vart delt i to grupper med kvar sin guide og vart  vist rundt i festningen.  Festniingen vart påbegynt hausten 42 og allerie hausten 43 kunne den takast i bruk.  Arbeiderane var delvis innleid arbeidskraft, mens mesteparten var slavearbeiderar.  

Deretter køyrde me til Toftarøy skule og sågsamlingane til Olav Toft.  Gerhard Inge Storebø fortalde om samlingane.      Etterpå gjekk turen ned til Trellevikmuseet der det vart servert Kaffi og kringle,  mens Gerhard inge Storebø fortale om korleis det hadde vore å  få tak i midlar til å ta vare på bygget. 

Overnattinga var på  Panorama hotell, der ein lokal kjømeister,  Kjell Alfheim  underhaldt under middagen med forteljingar frå Sotra i eldre dagar, han hadde og eit kåseri om robåten, som han samanlikna med å kunna arbeida i lag, der  alle må ro i jamn takt for å kunna koma  rett fram.   I tillegg song Ingebjørg Steinsland og dottera mange songarFleire av songane var ein hyllest til Johannes Kleppevik. \

Neste morgon sjekka me ut av hotellet klokka ni og køyrde til Fjell kyrje dr me parkerte.  Der vart me henta med buss som køyrde oss til Kystmuseet.  I bussen fortale Olav Kobbeltveit om livet på Sotra før og etter at Sotrabrua vart åpna i 1972. Folketalet har auka frå 7000 til 40000, og er den største kommunen i Hordaland  i folketal etter Bergen. 

Etter årsmøtet på kystmuseet var det servering av sveler og kaffe.  Så fekk me song av  Anne Lise og Egil Sæle.  Dei song gamle samletonar og songar heilt frå 1600 talet.  Egil Sæle fortalde om gamle Hjelme kyrkje korleis folk måtte frakta stein til kyrkja med små færingar.  Dei måtte og skaffa jord til gravplassen, slik at dei fekk gravene djupe nok.  Deretter tok me turen til Hjelme kyrkje slik at me fekk sjå ho. 

Siste stopp på turen var Notloftet på Vindenes der me fekk lunsj.  Jarle Vindenes fortalde soga om Notloftet.  Ho vart bygd som eit notheng rett etter krigen.  Det var store dimensjonar på henget.  Rommet me sat i var 45 meter langt og hadde plass til 9 nøter.  Kvar not trong 15 meter til å tørka på.  Det var plass til 3 nøter i bredda.  Under nøtene var det store kar som som vart brukt til å barka nøtene i, slik at dei ikkje skulle rotna.   Det var slutt på tørking av nøter ca 1973, då dødde reiaren Hans H. Vindenes. 

Jarle Vindenes kjøpte Notloftet cirka 1980.  Seinare sette han Notloftet i stand slik ho står i dag.  I dag blir Notloftet brukt av bygdefolket til forskjellige tilstelningar. 

Etter omvisninga på Notaloftet var årsmøtet slutt. 

 

Dugnad med liv og lyst i det gamle Tinghuset.

Dugnad
Eit knippe med blide dugnadsfolk  er komne langt med oppussinga
av det gamle tinghuset i Uggdal. Det skal bli møtelokale og mykje meir
for mellom anna Tysnes sogelag og Tysnes bygdekvinnelag.
Frå venstre på bilete Jorunn Bjordal, Kjersti Godøy, Sigurd Bjordal ,
framme i strikketrøye Olav Skjellevik og heilt bak Haakon Wallem.

Dugnad 2
Ein god del arbeid gjenstår men det blir flotte lokaler.

Dugnad 3

Mykje og mangt av gamle protokollar, aviser og anna i det gamle bank
velvet. Det blir gjennomgått og tatt vare på av Olav Skjellevik.

Årsmøte 2018.

 Årsmøte i sogelaget blir sundag 18. mars kl.15.00 i Tysnes Bedehus.

Program ved Kaare M. Malkenes som vil presentera prosjektet "Kulturminneregistrering på Tysnes", som no er utført.
Elles vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2018, val, lagerplass for laget sine eignelutar.
Alle interesserte er velkomne.

Sogelaget arrangerer busstur til Voss laurdag 16. juni

Avreise frå Våge med ferja laurdag 16. juni kl. 08.10.
Programmet for Vossaturen er besøk på Mølstertunet, omvisning på Hedleberget på Kyte inklusive middag og kaffi. Heimturen går via Granvin. Påmelding til Sigurd Bjordal telf. 90868624, eller Olav Skjellevik telf. 91532806.

Du kan lesa meir om Mølstertunet her.
Nettsida til Hedleberget på Voss finn du her.
 

Årsmøte 2017.

Kaare M. Malkenes mottek blomegåve av avtroppande leiar Mikal Heldal som takk for innsatsen i styret dei siste 10 åra.

Årsmøte 2017 vart avvikla i Tysnes Bedehus sundag 26. februar med 20 frammøtte. Årsmeldig, rekneskap, budsjett og årsplanar vart framlagt. Av utfordringar i dette året er å arbeida vidare med Kulturminneplanen for Tysnes. Eit oppdrag sogelaget gjer for Tysnes Kommune. Elles er laget kome godt i gang med å samla stoff til sogeskrift og kalender for 2017, men vil oppmoda om å senda inn enno meir bladmat til komande sogeskrift.
Mikal Heldal vart etter eige ynskje avløyst for leiar i laget og ny leiar ble Jan Økland. Kaare M. Malkenes gjekk også etter eige ynskje ut av styret etter 10 år som skrivar. Ny styret vart Sigurd Bjordal.Ny vara til styret vart Nils Magne Singelstad.