2015

God Jul og Godt Nyttår!

12/23/2015

Sydvest Bokfestival i Etne 12. – 15. november.

11/15/2015

Fleire frå Tysnes var aktive deltakarar på Sydvest Bokfestival i Etne i helga. Britt Kjellesvik Rage presenterte Dokker i folkedrakter frå Vestlandet. Ho formidlar dei gamle folkedrakttradisjonane på ein framifrå måte gjennom dokkene.

Kurs "Heimeside" i Bergen 24. september.

08/30/2015

Hordaland sogelag arrangerer kurs i Bergen torsdag 24. september. Les meir om dette på http://www.hordalandsogelag.no/kurs-heimeside-i-bergen-24-september

Treskokurs på Sletteskogsjøen fredag 11. september.

08/21/2015

Blide Blide jenter på skuleveg i tresko. Frå Bundesarkiv.

Treskokurs

Kystsogevekene på Skorpo gamle skule sundag 13 september.

08/21/2015

Bilete fra skulestova i Skorpo gamle skule.

Årsmøte i Hordaland Sogelag.

04/05/2015


Liz Malkenes møtte att Øystein Jansen. Eg håpar han får tid til å besøkja oss på Sogesoddet 29. november.

Liz Malkenes og Jan Økland var utsendingar frå Tysnes sogelag til årsmøte i Hordaland sogelag på Bømlo 14. og 15. mars. Bladet Tysnes har reportasje og bilete frå årsmøte på Bømlo. Avisartikkelen kan du lesa her.

Årsmøte 2015.

03/02/2015

Professor ved UIB Jon Askeland fortalde soga om Vestmannalaget som han no er leiar for. Det var det fyrste mållaget som vart skipa i Norge i 1868. Gildt å møta tidlegare sambygdingar også fortalde Askeland.

Nytt frå styret.

02/07/2015

Styret i Tysnes sogelag har hatt sitt fyrste styremøte i 2015 og har planlagt diverse aktivitetar for inneverande år. Her finn du mellom anna informasjon om Hordaland Sogelag sin studietur til Hebridane. Skrivet frå leiar Mikal Heldal finn du her.

Auke i besøkstalet for nettsida!

01/27/2015

I fjor var det 1439 unike besøk på nettsida vår. For 2013 var talet 1117. Det er ein auke på 28%.

2016

Sogeskrift i PDF format.

11/14/2016

Styret i Tysnes Sogelag har bestemt at frå no og frametter vil laget gjera eldre sogeskrift tilgjengeleg på nettsida i PDF format. Du finn peikaren heilt til høgre her på denne sida eller klikk her.

Sogesodd 2016.

11/10/2016

Knut Rage fekk mange lovord om arbeidet han har lagt ned i å fremja kultursoga til Tysnes og Sunnhordland. Han mottok eit handmåla Ikon i gåve frå sogelaget. Les meir om sogesoddether.

Sogeskrift for Tysnes 2012

Denne hausten er det 10 år sidan Tysnes sogelag samla styret og gode hjelparar til møte i Storastovo i Neravåge. På det møtet vart det avgjort at me skulle gje ut Sogeskrift for Tysnes og at det første heftet skulle ha innhald frå materiale som Olav Hjertaker hadde hatt på prent i bladet Tysnes. Sogeheftet vart godt motteke og ga inspirasjon til dei sogehefte som har kome ut gjennom åra.

Kulturminne på Tysnes.

03/10/2016

Kulturminneplan for Tysnes kommune skal utformast. Dette arbeidet skal Tysnes sogelag ta del i. Ein lekk i dette arbeidet vert møte i ulike bygdelag.

For austsida av Tysnes vil me skipa til eit samrådingsmøte tysdag 22. mars kl. 17.00 på Onarheim skule, biblioteket. Vel møtt!

Årsmøte 2016.

02/21/2016

Før og no bileta til Olav Skjellevik er alltid populære og han haustar mange lovord når han viser dei fram. Blomegåva han mottok på årsmøte sette han tydlegvis pris på. Bladet Tysnes har skrive om årsmøte. Artikkelen som stod på prent i avisa kan du lesa her.

2017

Sogeskrift 2015

05/07/2017

Sogeskrift 2014

05/07/2017

Sogeskrift for Tysnes 2014 har nok ein gong blanda innhald. Markeringa av 200-års jubileet for grunnlova får litt plass i dette heftet. Kven var dei som for 200 år sidan skulle velja valmenn og senda folk austover til Eidsvoll?

Me finn at dette var ressursrike menn i Tysnes-samfunnet – både embetsmenn og bønder/fiskarar. Arne Ludviksen minnest dei mange band han har til Laukhammar – han tek oss med til åra kring siste verdskrigen, og han får gjeve oss innsikt i den revolusjonen som har skjedd innan samferdsle sidan den gongen.

Sogeskrift 2013

05/07/2017

Som vanleg inneheld Sogeskrift for Tysnes nytt og gamalt materiale. Gjennom åra – heilt frå starten av sogeskriftet har me hatt eit nært tilhøve til bladet Tysnes, og oppstarten i 2002 var totalt sett basert på artiklar som Olav Hjertaker skreiv i bladet. Så er det materiale som journalistar i bladet skreiv om personar/hendingar og med lokalhistorisk innhald. Dette året tek me med Ingelin Røssland sitt stykke om «Den fyrste bilist på Onarheim». Dette er eit gildt attersyn!

Sogeskrift 2011

05/07/2017

Sogeskrift for Tysnes er dette året retta mot dei gamle grendeskulane. Frå 1870-åra og frametter mot 1920 vart det satsa stort på skulebygg i grendene kringom på Tysnes. Desse skulebygga var stort sett bygde over ein leist: gang, kammers og skulestove. Gangen med vask, sinkbøtte, ause til å drikka av og ei bratt trapp opp til eit loft med varierande standard og bruk.

Sogeskrift 2010

05/07/2017

Sogeskriftet 2010 er nok ein gong med sterkt variert innhald. Temaorienterte sogeskrift kan vera særs krevjande, men i 2011 vert gamle skulehusa eit tema.

Sogeskrift 2009

05/07/2017

Også i 2009 er Sogeskrift for Tysnes eit av dei store prosjekta til Tysnes sogelag. Dette året gjekk to av nestorane i Tysnes sogelag bort. Jan Økland har skrive minneord om desse to trugne tenarane, som ytte sin store innsats i arbeidet for Kultursogene og Gards- og Ættesogene.

Sogeskrift 2008

05/07/2017

Også dette året spenner innhaldet i Sogeskrift for Tysnes over mange emne. Frå Johannes Hjertaker var me så heldige å få eit stykke som faren, Henning Hjertaker, skreiv då han var framimot 90 år – Livsminner.

Årsmøte 2017.

02/26/2017

Kaare M. Malkenes mottek blomegåve av avtroppande leiar Mikal Heldal som takk for innsatsen i styret dei siste 10 åra.

2018

Sogesodd 2018 sundag 9. desember kl. 15.

Sogesodd 2018 blir i Tysnes Bedehus sundag 9. desember kl. 15.
Vanleg sogesodd program med god mat og drikke. Vel møtt!

 

Sogelaget arrangerer busstur til Voss laurdag 16. juni.

Avreise frå Våge med ferja laurdag 16. juni kl. 08.10.
Programmet for Vossaturen er besøk på Mølstertunet, omvisning på Hedleberget på Kyte inklusive middag og kaffi. Heimturen går via Granvin. Påmelding til Sigurd Bjordal telf. 90868624, eller Olav Skjellevik telf. 91532806.

Tysnes Sogelag vil leiga det gamle tinghuset.

05/26/2018

Sogelaget treng loakale for å ta vare sogeskrift og bygdebøker som no er lagrra på ymse stader. Styret har difor kontakta Tysnes Kommune og førespurt om ein leigeavtale for det gamle tinghuset i Uggdal. Me håpar på eit positivt svar seier sogalagsstyret.

Sigurd Bjordal vart ny leiar i sogelaget.

03/22/2018

Årsmøte 2018.

Årsmøte i sogelaget blir sundag 18. mars kl.15.00 i Tysnes Bedehus.

 

Program ved Kaare M. Malkenes som vil presentera prosjektet «Kulturminneregistrering på Tysnes», som no er utført.
Elles vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2018, val, lagerplass for laget sine eignelutar.
Alle interesserte er velkomne.

Sogesodd 2017.

Sentrale personar på årets sogesodd f.v. Olav Skjellevik, Kaare M. Malkenes, Mikal Heldal og Jan Økland.
I samråd med Bladet Tysnes kan du lesa det avisa skreiv om Sogesoddet i utgåva 30. november her.

Bygginga av Bergensbana i Sundagsakademiet

Sundag 18. januar går det første Sundagsakademiet i Tysnes folkebibliotek denne sesongen av stabelen. Det er to formidable storleikar som står på programmet – Bergensbanen og Tron Bach.

Sundagsakademiet har forlengst etablert seg som ein populær og godt besøkt foredragsserie på Tysnes, der interessante tema og gode, seriøse foredragshaldarar får boltra seg. Desse faste tilstellingane går no inn i 5. sesongen.

Då Bergensbanen vart bygd var det eit nasjonalt løft av verkelege dimensjonar. Bygginga av banen var ei stor utfordring. Lina måtte leggjast i eit ugjestmildt terreng høgt over havet, ein region utan vegar og kor det kunne vera fleire meter med snø om vinteren. Særleg var bygginga av den meir enn fem kilometer lange Gravhalstunnelen problematisk. Det vart jobba på tre skift kvar veke i seks år for å få tunnelen ferdig. For å skaffa kraft til utbygginga vart det bygd kraftverk i Gangdalsfossen vest for tunnelen, og eit kraftverk i Kjosfossen aust for tunnelen.

Bergensbanen var opphavleg 493 km lang og hadde 182 tunnelar, med ei total lengd på 73 km. I dag er den totale lengda 526 km. Den lengste tunnelen er Finsetunnelen med sine 10 300 meter. Den stasjonen som ligg høgast er Finse stasjon 1222 moh.

Jernbanelina er i dag ein populær turistattraksjon. Den gamle arbeidarvegen Rallarvegen ligg tett inntil lina og er eit populært turmål. NSB leigar ut syklar mellom anna på Finse. Ved Myrdal går det eit særs spektakulært sidespor (20 km) ned til Flåm. Flåmsbana er heilårsbane med redusert drift i vinterhalvåret.

Foredragshaldaren Tron Bach skulle kanskje ikkje trengja nokon nærare presentasjon. Som samfunnsutviklar på Tysnes har han vore høgt og lågt det siste året. Det er slett ikkje noko slumpetreff at det er nett Bergensbanen Bach skal snakka om – det er eit emne han kjenner grundigare enn dei fleste. Bach har vore ein sentral mann bak om

grepet "Finse 1222", som omfattar både sjølve høgfjellshotellet og også får ein til å tenkja på Rallarmuseet og den populære Rallarvegen. Seinast i 2008 gav Tron Bach ut boka "Rallarvegen – frå Haugastøl til Flåm og Voss" saman med Johannes Gjerdåker.

Som vanleg vert det tid til ein kopp kaffi og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 18. januar kl. 17, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang, ope for alle.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag. Bilete: Wikipedia. Biletet av Tron Bach er henta frå Tysnes kommune si nettside.

Årsmøte 22. mars

Årsmøte i Tysnes Sogelag mars 2009

Det var mange sogelagsmedlemmer som møtte til årsmøte i Tysnes Sogelag som vart avvikla i Tysnes Sparebank sitt møtelokale i Uggdal.

Alt i alt var det 23 frammøtte som i tillegg til årsmøte også fekk høyra eit interessant foredrag av Kaare Skaala frå Kvinnherad, som fortalde om granskingar og fakta om anane til Rosenkrantz slekta og Mowat slekta som mange tysnesingar og kvinnheringar har slekts røter attende til.

Møteleiar under årsmøte handsaminga var Mikal Heldal som las opp årsmeldinga for forsamlinga. Tysnes Sogelag har mykje på gong også i 2009 og vil arrangera turar både lokalt og til nærliggjande historiske stadar.

Leiar i valnemnda Tor Atle Humlevik framførte innstillinga frå valkomiteen på leiar , nytt styremedlem og nytt varamedlem til styret. Jan Økland vart attvalt som leiar med akklamasjon. Magnhild Midtbø sa frå seg attval og nytt medlem av styret vart Marianna Heggland Brungot. Nytta varamedlem til styret for Erling Utne som hadde sagt frå seg attval, vart Kjersti Leite.

Jens Tvedt-kveld på Sundagsakademiet

15. mars går det siste Sundagsakademiet for denne sesongen av stabelen. Då vert det til gjengjeld ein liten godbit: i kjølvatnet av Jens Tvedt-kabareten som hausta stor suksess no nyleg kjem sønene Asbjørn og Kolbjørn for å fortelja om faren – kunstnaren og diktaren Jens Tvedt.

Svært mange tysnesingar har eit måleri av Jens Tvedt hengjande på veggen. Men alle sider ved kunstnaren Jens Tvedt er ikkje like kjent – han let etter seg ein stor og omfangsrik produksjon. For folk flest er det kanskje landskapsmålaren Jens Tvedt som er mest kjent – men han både teikna og måla akvarellar med eit vidt spekter av motiv. Bileta hans er spreidde over heile Noreg, det var også stort sal i USA og Canada, forutan Sør-Afrika, Australia og Søraust-Asia – mest til utvandra nordmenn. 
Ei anna side ved Jens Tvedt som har kome meir fram i lyset i seinare år er diktaren og kåsøren Jens Tvedt. Versa hans kan vera både morosamme og lyriske, men også rammande og bitande om det var noko som gjorde han harm. Sonen Kolbjørn har tonesett mange av dikta etter faren, dei er også spela inn i studio og ligg i dag til gratis nedlasting på NRK Hordaland sine sider. Det er mykje av materialet herfrå som er nytta i kabareten.

Jens Tvedt (1901-1988) var fødd i Lunde. Etter nokre år som trikkekonduktør i Bergen vendte han heim og fekk arbeid som handelsbetjent i Lunde Handelsforeining. Seinare vart han styrar same staden. I 1948 vart han tilsett som likningssekretær i Tysnes kommune. Seinare vart stillinga omdefinert til likningssjef, ei stilling han hadde fram til pensjonsalder i 1971. 

På Sundagsakademiet vil Asbjørn og Kolbjørn Tvedt fortelja om faren som privatperson, og korleis det var å ha ein målande og skrivande far i huset. Kolbjørn vil også visa fram ein del av faren sine bilete via videokanon, og me vil sjølvsagt få høyra Kolbjørn m.fl. framføra faren sine songar. Med seg vil han ha fleire av dei medverkande frå kabareten – Marianne Tvedt, Karsten Iversen, Tore Hodneland (evt. også Endre Hodneland) og ikkje minst Anders Bakke, som spelte rolla som Jens Tvedt i kabareten. 

Vel møtt til ein triveleg Jens Tvedt-kveld på biblioteket i Tysneshallen! Som vanleg vert det tid til ein drøs og noko å bita i.

Tid og stad: Sundag 15. mars, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang. 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag