Årsmøte 2014.

Arne Magnussen var gjesteforelesar på årsmøte 9. mars, Han fortalde om fjordafiske
på 1950 og 60 talet. Sist på 60 talet vart bomull og annan naturfiber bytta ut med nylon.
Ei ny vinning som betydde mykje for fiske og fangst på kysten.

Heile styret og valnemnda vart attvalt med akklamasjon på årsmøte som vart avvikla på Tysnes skule sundag. Dermed held Mikal Heldal fram som leiar av sogelaget enno eit år. Vel 20 medlemmer møtte og via årsmeldinga vekk dei høyra at sogelaget og styret jobbar godt i saman med målet om å spreia historisk kunnskap om gudeøya vår.
Medlemstalet stig.
Det er sjølvsagt ein del medlemer som fell frå av naturlege årsaker kvart år, men det kjem likevel til nye så medlemstalet viser heller stigande tendens og har passert 240. Interessant er det også at det er personar som har heimadressa utanom kommunen som kjem til:.
Nettsida er viktig.
Sogelaget si nettside er også viktig og vert vitja jamleg kvar einaste dag. I 2013 var det over 1000 besøkjande. Hovudtyngda av dei som er innom nettstaden er tysnesingar, deretter kjem Bergen og Oslo. Når det gjeld dei nærmaste nabokommunane så er det berre eit fåtal frå storkommunane Kvinnherad og Stord.
Arne Magnussen hald foredrag.
Arne Magnussen som vaks opp i Vattedal, fortalde om fjordafiske i ungdomsåra. Han fortalde levande om sine opplevingar som notslusk i ungdomsåra, og at han samlar stoff om dette som etter planen kjem på prent i sogelaget si årbok Sogeskrift for Tysnes, som kjem på prent nærmare jul.
Innsamling av historisk materiale og bilete.
Innsamling av soger og skriftleg materiale frå gamle dagar er viktig. Ikkje minst kan gamle bilete fortelja mykje om korleis folk levde og kva som hende før i tida. I sogelaget er det Olav Skjellevik som har eit spesielt ansvar for dette arbeidet. Sogelaget har for inneverande år budsjettert for innkjøp av større skannar og betre PC slik at ein er enno betre rusta til arbeidet med å digitalisera tekst og bilete frametter. Alt for mange kastar gamle negative filmar. «Det må de ikkje gjera, me har utstyr i dag som med eit tastetrykk konverterer til positive bilete og dei vert som oftast betre en når me skannar vanlege bilete», fortalde han. Ta kontakt med oss i sogelaget, er oppmodinga.
Årsmeldinga for Tysnes Sogelag 2013 finn du her.