Eit knippe med blide dugnadsfolk er komne langt med oppussinga
av det gamle tinghuset i Uggdal. Det skal bli møtelokale og mykje meir
for mellom anna Tysnes sogelag og Tysnes bygdekvinnelag.
Frå venstre på bilete Jorunn Bjordal, Kjersti Godøy, Sigurd Bjordal ,
framme i strikketrøye Olav Skjellevik og heilt bak Haakon Wallem.
Ein god del arbeid gjenstår men det blir flotte lokaler.
Mykje og mangt av gamle protokollar, aviser og anna i det gamle bank
velvet. Det blir gjennomgått og tatt vare på av Olav Skjellevik.