Sogelaget treng loakale for å ta vare sogeskrift og bygdebøker som no er lagrra på ymse stader. Styret har difor kontakta Tysnes Kommune og førespurt om ein leigeavtale for det gamle tinghuset i Uggdal. Me håpar på eit positivt svar seier sogalagsstyret.
Årsarkiv: 2018
Tysnes Sogelag vil leiga det gamle tinghuset
Sogelaget treng lokale for å ta vare sogeskrift og bygdebøker som no er lagrra på ymse stader. Styret har difor kontakta Tysnes Kommune og førespurt om ein leigeavtale for det gamle tinghuset i Uggdal. Me håpar på eit positivt svar seier sogalagsstyret.
Sigurd Bjordal vart ny leiar i sogelaget
Sigurd Bjordal vart vald til ny leiar i sogelaget på årsmøte 18. mars. Den avtroppa leiaren gjennom mange år Jan Økland vart nytt medlem av styret.
Les meir
Årsmøte 2018.
Årsmøte i sogelaget blir sundag 18. mars kl.15.00 i Tysnes Bedehus.
Program ved Kaare M. Malkenes som vil presentera prosjektet "Kulturminneregistrering på Tysnes", som no er utført.
Elles vanlege årsmøtesaker. Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2018, val, lagerplass for laget sine eignelutar.
Alle interesserte er velkomne.
Sogelaget arrangerer busstur til Voss laurdag 16. juni
Avreise frå Våge med ferja laurdag 16. juni kl. 08.10.
Programmet for Vossaturen er besøk på Mølstertunet, omvisning på Hedleberget på Kyte inklusive middag og kaffi. Heimturen går via Granvin. Påmelding til Sigurd Bjordal telf. 90868624, eller Olav Skjellevik telf. 91532806.
Du kan lesa meir om Mølstertunet her.
Nettsida til Hedleberget på Voss finn du her.