Kaare M. Malkenes mottek blomegåve av avtroppande leiar Mikal Heldal som takk for innsatsen i styret dei siste 10 åra.
Årsmøte 2017 vart avvikla i Tysnes Bedehus sundag 26. februar med 20 frammøtte. Årsmeldig, rekneskap, budsjett og årsplanar vart framlagt. Av utfordringar i dette året er å arbeida vidare med Kulturminneplanen for Tysnes. Eit oppdrag sogelaget gjer for Tysnes Kommune. Elles er laget kome godt i gang med å samla stoff til sogeskrift og kalender for 2017, men vil oppmoda om å senda inn enno meir bladmat til komande sogeskrift.
Mikal Heldal vart etter eige ynskje avløyst for leiar i laget og ny leiar ble Jan Økland. Kaare M. Malkenes gjekk også etter eige ynskje ut av styret etter 10 år som skrivar. Ny styret vart Sigurd Bjordal.Ny vara til styret vart Nils Magne Singelstad.