Sydvest Bokfestival i Etne 12. – 15. november.

Fleire frå Tysnes var aktive deltakarar på Sydvest Bokfestival i Etne i helga. Britt Kjellesvik Rage presenterte Dokker i folkedrakter frå Vestlandet. Ho formidlar dei gamle folkedrakttradisjonane på ein framifrå måte gjennom dokkene.

Knut Rage framsa eit inspirerande foredrag under plakaten " Digital formidling for alle". Der han inviterta alle som er interessert i lokalhistorieformidling å registrera seg på Lokalhistoriewiki. Her fortel han om facebook sida "Tysnes før i tio" som har passert 2000 medlemmer.

Elles kan du lesa meir om bokfestivalen på nettsida til Hordaland Sogelag.

Treskokurs på Sletteskogsjøen fredag 11. september.

Blide Blide jenter på skuleveg i tresko. Frå Bundesarkiv.

Treskokurs

Tysnes sogelag og / Hordaland sogelag skipar til:

Kurs i treskolaging fredag 11. sep. 17.00 – 19.00 og laurdag 12. sep.
09.00 – 16.00.  Kursleiar Helge Hisdal. Kursavgift kr 200,-.

 

Frist for påmelding 1. sep. 2015. Inntil 6 deltakarar.
Laurdag 12. sep. 12.00 – 14.00: ope hus med registrering av
treskoverktøy for dei som har slikt i si eige. Kaffi og vaflar.

Kurstad: Flakkavåg båt og treindustri, Sletteskogsjøen.
Interesserte melder seg til mikalhe@gmail.com eller SMS til 48096673
Kurset er støtta økonomisk av Hordaland fylke og Kulturrådet.

Årsmøte 2015.


 

Professor ved UIB Jon Askeland fortalde soga om Vestmannalaget som han no er leiar for. Det var det fyrste mållaget som vart skipa i Norge i 1868. Gildt å møta tidlegare sambygdingar også fortalde Askeland.

Åsta Hansen kasserar i sogelaget gjennomgår rekneskap og budsjett. Heit til høgre i bilete. Marit Frøyseth Sæløen som vart valt til nytt styremedlem i sogelaget.

Hildegunn Knudsen mottok blomegåve som takk for innsatsen i sogelagsstyret.