Sist laurdag var det duka for det fyrste lokalhistoriske seminar i Solheimsdalen. Liz og Kaare Malkenes hadde invitert ein del kjente og aktive kulturpersonar til seminar og festleg samvær i dei gamle stovene til Søra-Peren.
Brit Kjellesvik Rage fortalde om – og viste den nyoppretta databasen om folkedrakter på Tysnes. Ho viste også mange døme på gamle klesplagg frå Tysnes som ho har i samlinga si.
Knut Rage fortalde siste nytt om Kensington steinen, og planane om å få plassert ein kopi av runesteinen på Onarheim.