Eit godt forsett for året som kjem er kanskje å koma seg oftare ut av godstolen og ut i skog og mark? Ein skal ikkje langt avgarde før lydar av bilar og andre motorar stilnar av og vert vekke, og du er i ei meir "tidlaus" verd der du lettare kjem i kontakt med fortida og dei menneska som har slite her på øya opp gjennom tidene.
Eit godt forsett for året som kjem er kanskje å koma seg oftare ut av godstolen og ut i skog og mark? Ein skal ikkje langt avgarde før lydar av bilar og andre motorar stilnar av og vert vekke, og du er i ei meir "tidlaus" verd der du lettare kjem i kontakt med fortida og dei menneska som har slite her på øya opp gjennom tidene.
Tydelege spor finn du alle stader, anten som mosegrodde steingjerder, attgrodde vegar som mest berre kan skimtast i terrenget, eller kanskje du finn murar etter utløar eller restar etter små kvernhus som har rotna ned for lenge sidan.
Første nyårsdag gjekk turen langs den gamle vegen frå Gjerstad til Andersland – ein tur på omlag ein time, for det meste i oppoverbakkar.
Like ved bedehuset finn du byrjinga på ein sti som i si tid var ein heil liten veg opp til Vågstjødnet. På relativt få år har vegen grodd til, slik at det i dag berre er ein smal sti att. Her finst restar etter 3-4 små kvernhus, spor etter ei tid då ferdsla langs denne vegen var livleg og kvernhusa eit viktig innslag i ein karrig økonomi. Alle stader ligg det solide steingjerder, dekka med grøn mose – kilometervis. For eit slit det må ha vore, sjølv om mange av desse gjerdene vart lødde av arbeidslag frå Austlandet (Hallingdal). Soga deira er ikkje skrive enno.
Eg vil likevel rå til at du nyttar den ordinære anleggsvegen opp til vassverket (omlag 15-20 min.) og derfrå vidare opp til Vågstjødnet. NB!
Vegen er berre for gåande, ikkje for biltrafikk. Frå Vågstjødnet ber det rundt på høgre side av vatnet og djupt inn i granskogen. Her går det bratt oppover til du kjem fram til Andersland.
Undervegs finn du eit gammalt kvernhus (biletet) som er godt vedlikeheldt og er ein fin plass for å setja seg ned og ta ein pust i bakken. Utsikten ned til Vågebygda er upåklageleg.
I gamle dagar gjekk ungane på Andersland til skulen langs denne vegen.
Langt var det, og bratt og glatt og mørkt vinterstid. Det er mogleg dei tok snarvegar i høve til den vegen som gjekk frå det noverande bedehuset på Gjerstad – kanskje gjennom Hatledalen – men det er ein lang veg, uansett.
La 2006 bli eit år for kulturhistoriske vandringar!