Eit bilete fortel

I kalendaren 2006 er det for mars månad eit bilete frå pliktarbeid på vegen ned mot Skjellevik. Det er eit bilete som fortel rett mykje om tida attende mot 1930-åra. Arbeidstøyet er for dei fleste skjorte, vest og bukse. Dette at nær sagt alle brukte vest er vel eit døme på klesmote som tok slutt før 50-åra var omme.

Eit par karar har buserull – eit teikn på den nye moten for arbeidstøy, som vaks fram for fullt etter krigen.

Les meir

Namneproblem i Sørbygdo

I heimbygda mi var det i min oppvekst og første ungdom mange sambygdingar som hadde like namn, både fornamn og etternamn. Dette skreiv seg frå at mange i tidlegare generasjonar var i nær slekt. Når så tradisjonen hadde vore at bestemor og bestefar skulle oppkallast med sitt rette namn, måtte dette føra til at mange fekk like namn. For at det ikkje skulle verte forvekslingar måtte det gjerast noko for å bøte på dette. Eg vil hermed fortelja litt om korleis bygdefolket takla dette

Les meir

Den fyrste byturen min

I nokre skrifter etter far har eg funne eit barndomsminne som truleg i si tid var tenkt for ”Tysnes”, men historien vart aldri send inn. Kanskje den er verd å koma på trykk likevel. Eg let far sjølv fortelja:

Engel Skjellevik (1899 – 1992)

Det var ikkje so lettvint å koma til byen i eldre tid. Det var ikkje båtruter og ferjer slik som i dag. Rundt om i bygdene var det mange som hadde små jekter og skøyter, og så slo dei seg gjerne saman med naboar og kjenningar og siglde til byen. Dei rodde til byen òg.

Dei rekna med at om dei reiste heimanfrå tidleg om morgonen, så var dei framme utpå kvelden.

I Flakkavågen var det ein stor kalkomn, den står der ennå. Den var i drift til ut i 1880-90- åra. Det var gardane Flakka og Skaten som åtte denne omnen.

Dei hadde ei jekt som dei kalla Omnsjekto med den reiste dei rundt om i bygdene og selde kalk. Dei var nordover like til Sognefjorden, og dei var jamt innom Bergen på turane. Då var dei ofte bedne om å gjera byærend for naboar og kjenningar. Morbror min, Henrik Torbjørnsen i Nesthuslio, fortalde ein historie ein gong. Han var skomakar i Bergen, og ein gong han hadde vore heime, skulle han fylgja Omnsjekto til Bergen. Men dei var uheldige, dei fekk nordavindskuling. Første dagen kom dei til Reksteren ein stad der dei måtta taka hamn. Denne gongen hadde dei nokre høns med seg som nokre hadde bede dei å selja på torget til slakt. Dei vart liggjande så lenge i ei vik på Reksteren at hønsa måtte ha mat, og dei sleppte hønsa laus på dekket. Nokre av hønsa fauk på land, og karane måtte gå på land på hønsejakt. Dei fann dei fleste att. Det tok heile 8 dagar før dei kom fram til Bergen.

Men då eg hadde første byturen til Bergen, det kunne vel vera i 1908 eller 1909, då var det båtruter til byen 2-3 gonger i veka. Me hadde mykje frukt og bær heime hjå oss i Kalvavikjo, og kvar haust reiste far min til byen og selde frukt og bær på torget. Og eit år fekk eg vera med. I Bergen skulle me bu i Nedre Blekeveien hjå Johannes Hetlelio, verbror til faster Jorinde og son til «Johannes onde Haugen» ved Hetlelid-støo. Johannes Hetlelio var skomakar i Bergen. Han var noko steghalt, hugsar eg.

Det var ein gild tur for meg som aldri hadde vori om bord i ein dampbåt. Me reiste frå Nordhuglo med "Lyderhorn". Då billettane var betalte, fekk eg utlevert min, men under reisa vidare vart billetten krølla i lomma. Dette fekk eg sidan påtale frå billettøren om, og for ein liten kar på si første byreise, var dette så pass alvorlege ord at hendinga vart hugsa for all ettertid.

"Lyderhorn" hadde mange stoppestader. Fyrst var det Medhamar, så var det Flatråker, Neshamn, Klinkholmen og til sist Bruntveit. Då var det ikkje fleire stopp før me kom til Brattholmen, men då var det ikkje langt igjen.

Då me kom til Kvarven, høyrde me så mykje dur og brak, og det la til etter kvart som me nærma oss byen. Dette var brak frå kjerrer og skodde hestar som køyrde i dei steinlagde gatene.

Då me kom fram til byen, fekk me låna ei handvogn, og så var det å koma i veg til torget. Då som i dag var det livleg torghandel. Prisane ein fekk for frukta var ikkje særleg høg. Det var stikkelsbær me hadde denne gongen, og for dei fekk me 12-15 øre literen.

Lars Lie hadde handel i Strandgata, i andre høgda i same huset hadde søster til kona hans pensjonat. Dei som budde der hadde kost og losji. Alette, yngste søstera mi (sidan gift med Mikal Økland), hadde teneste der, og om kvelden fekk eg vera med henne på kino. Det var litt av ein opplevelse for meg.

Det var mange småkinoar i Bergen i den tida. Utanfor kinoane stod ein kar i uniform som praia folk som kom forbi og ropte ut om det storslagne programmet kinoen hadde denne kvelden. Det me såg minnest eg litt av enno. Det var eit forlis, og ei seglskute med sundrivne segl kom rekande mot land og vart knust då ho nådde inn.

Det er mange endringar i Bergen sidan den tida. Christiestatuen stod på Torgalmenningen då, og han såg nedover torget. I 1917 var den store bybrannen, og mykje vart endra ved etterpå.

Far min var båtbyggjar, han hadde vore i lære som skipsbygningsmann òg. I fire år, frå 1910-14, arbeidde han hjå Mjellem og Karlsen på Møllenpris. Det var berre trebåtar dei arbeidde der då. Det var 10 timars dag, og timeløna var 28 øre då han byrja. Då han slutta i 1914, var løna komen opp i 42 øre. Dei kunne arbeida overtid så mykje dei ville, men det var ikkje tillegg i løna for overtid.

Ein gong i 1912 eller 1913 kom det første flyet til Bergen. Det var ein franskmann, Chantelaup, som var der med eit lite fly. Han gjorde nokre rundkast med flyet oppe i lufta. Han tok av og landa på Skansemyren.Lyderhorn

 
”Lyderhorn” vart sjøsett ved BMV 9. februar 1878, og på prøveturen gjorde den 12½ knop. Ingen andre propelldrivne handelsskip i Noreg på den tida greidde det same. Båten vart bygd for Vestlandske Dampskipsselskab for ekspressrute Bergen-Stavanger. Men den brukte mykje kol, om lag 4 tønner i timen, og ruta vart ein fiasko. HSD overtok båten i 1883, og i 1897 vart den ombygd og fekk m.a. ny maskin og lukka bru.

1. mars 1916 vart den pårend av lastebåten ”Leander” i Lerøyosen og sokk på 40-50 famnars djup.
(Teikning henta frå: Bård Kolltveit – ”Over fjord og fjell. HSD 1880-1990”) Engel, Alette og Jørgen
Søskena Engel, Alette og Jørgen fotografert i Bergen om lag på den tida artikkelen fortel om. Alette hadde teneste på pensjonatet i huset til Lars Lie i Strandgata.

Sogeskrift for Tysnes

Sogeskrift og kallender for 2010 er å få kjøpt på fylgjande stader:
* Bok & Fritid i Våge.
* Bruntveit handel, Rekstern.
* Joker, Flakkavågen.
* Joker, Årbakka.
* Joker, Uggdal.
* Biblioteket i Tysneshallen.

Sogeskrift for Tysnes kom ut fyrste gongen i 2002 og var i sin heilskap vigd artiklar av Olav Hjertaker, som diverre ikkje rakk å leva nok til å sjå det ferdige produktet.

Sogeskrift for Tysnes 2002
I 2003 var det okkupasjonstida på Tysnes som stod på dagsorden Femten bidragsytarar fortalde i skrift og bilete om korleis det var å leva i Tysnes desse fem lange åra, anten det no var sjølvopplevd eller ein nytta anna grunnlagsmateriale. Til liks med heftet frå året før vart også denne utgjevinga ein suksess, mesteparten av opplegget vart seld vekk på eit par veker.

Sogeskrift for Tysnes har ein redaksjon på fem personar. Fram til 2004 har desse vore: Sverre K. Dalland Anny Gjøvåg Mikal Heldal Kirsten Alsaker Kjerland Knut Rage, red.

Men det er sjølvsagt den einskilde bidragsytaren som er med og skriv desse heftene! For inneverande år har me ikkje sett noko bestemt tema, men vil i utgangspunktet laga til eit hefte med artiklar om ulike emne. Kan DU tenkja deg å bidra her, eller har du tips til artiklar eller anna? Ta kontakt med oss pr. epost, brev eller telefon!

For 2005 vert temaet for Sogeskriftet utvandringa til Amerika. Redaktør for denne utgåva vil vera Kirsten Kjerland. Me er takknemlege for alt stoff – tekst og bilete, eller tips, smått som stort!

Tysnes-soga i eit nøtteskal

Det er for det meste semje om at namnet Hordaland – hordane sitt land – er eit minne om innvandring av den folkegruppa vi kallar harudar og som opphavleg budden i Jylland i Danmark. Nokon hevdar at dei kom i jarnalderen, for omlag 2000 år sidan, medan andre meiner at dei kom alt i bronsealderen, kanskje meir enn 1000 år tidlegare.

Les meir

Johannes Heggland: Tysnes – det gamle Njardarlog 1 & 2

Johannes Heggland

Forfatter: Johannes Heggland

Bind 1 Fram til om lag 1800
År: 1964
Sidetall: 588

Bind 2 – 1800-19702 – 1800-1970
År: 1975
Sidetall: 760

Pris: 350 (enkeltband)
Boka får du kjøpt hjå Bladet Tysnes eller i Tysnes Sparebank.

For mange er namnet Johannes Heggland synonymt med lokalhistorie, og då ikkje berre gjennom den openlyst lokalhistoriske tilknytinga som ein finn i mange av bøkene hans og i den mangfaldige lokalhistoriske verksemda elles. Når ein tysnesing tenkjer på Johannes Heggland, er det såleis gjerne den såkalla "Tysnes-soga" som fall ein inn fyrst. I byrjinga av 60-åra sette Tysnes Sogelag i verk det store prosjektet det var å skipa til ei bygdebok for Tysnes.

Johannes Heggland fekk oppdraget med å stå som hovudforfattar av verket. Det vart eit arbeid som skulle koma til å ta mange år. Fyrste bandet vart gjeve ut i 1963 og går fram til ca. 1800, andre bandet kom i 1975 og tek føre seg perioden 1810-1975. Sjå elles bestillingslista for meir detaljerte opplysningar om bøkene.

Johannes HegglandJohannes Heggland er fødd i 1919, og har verka som forfattar og bonde, forutan ein periode Tysnessogasom ordførar. Sidan debuten i 1941 har han skildra sosiale og religiøse motsetnader i bondesamfunnet, m.a. i romanverket "Guds husfolk" (1989), og seriane "Brødet frå havet" og "Jordparadiset". I 2000 tok han fatt på eit nytt, stort prosjekt, "Tusen vårar", der det førebels har kome tre romanar. Bøkene tek føre seg historia på Vestlandet og i Sunnhordland dei siste tusen åra. Heggland har også skrive barnebøker, gjerne med historiske emne. I dei seinare åra har fleire av bøkene hans vore lansert i Tyskland, der dei vore gjevne ut i store opplag.

Frå 1982 til 1985 var Heggland leiar i Den norske Forfatterforening. Han har også vore medlem av Nordisk Råds priskomité (1983-86), medlem av Det litterære råd, medlem i Norsk språkråd og styremedlem i Riksteatret. For den kulturelle innsatsen sin vart han i ei årrekkje løna med Statens Kunstnarstipend