Årsmøte 2013.

Gunnvor Solheim mottok blomar som takk for innsatsen i styre.

 

Hildegunn Knudsen vart nytt medlem i styre for Tysnes sogelag.

 

20 personar møtte til årsmøte på Tysnes skule 10. mars. Gjesteforelesar var Nils Kåre Myklebust som fortalte om soga til Seløystova og planane om å byggja eit "gildetun" på Onarheim.

Gunnvor Solheim takka for seg som styremedlem, og nytt styemedlem vart Hildegunn Knudsen. Mikal Heldal vart samrøystes attvalt, det vart også dei andre styre – og varamedlemene som var på val i år.
Berhard Skolde sa frå seg attval som leiar av valnemnda og nytt medlem vart Gunnvor Solheim.

Du finn namna på alle styremedlemene og medlemer av skriftstyre under Styre og stell øvst på framsida. Årsmeldinga for 2012 kan du lesa her.

Nils Kåre Myklebust var gjesteforelesar på årsmøte.

Knut Rage og Marianna Heggland Brungot studerer årsmeldinga.

Mat og kaffi og ein god drøs er fast post på årsmøte i sogelaget.