Årsmøte i Tysnes sogelag.

Skrevet av Kaare Myrvold … Mandag 18/03/2019 - 22:01

Årsmøte vart gjennomført i Tysnes Bedehus sundag 17. mars. med godt oppmøte.
Elin Dalland vart valt til nytt varamedlem til styret. Sigurd Bjordal vart gjenvalt til leier. Og dei andre styremedlemene på val vart også gjenvalt i samsvar med innstillinga frå valkomiteen.
Årsmeldinga kan du lesa her.

Tysnes Sogelag vil leiga det gamle tinghuset

Skrevet av Kaare Myrvold … Fredag 25/05/2018 - 22:00
Sted



Sogelaget treng lokale for å ta vare sogeskrift og bygdebøker som no er lagrra på ymse stader. Styret har difor kontakta Tysnes Kommune og førespurt om ein leigeavtale for det gamle tinghuset i Uggdal. Me håpar på eit positivt svar seier sogalagsstyret.

Sogelaget arrangerer busstur til Voss laurdag 16. juni

Skrevet av Kaare Myrvold … Fredag 02/03/2018 - 22:46

Avreise frå Våge med ferja laurdag 16. juni kl. 08.10.
Programmet for Vossaturen er besøk på Mølstertunet, omvisning på Hedleberget på Kyte inklusive middag og kaffi. Heimturen går via Granvin. Påmelding til Sigurd Bjordal telf. 90868624, eller Olav Skjellevik telf. 91532806.

Stikkord