Vedtekter

Vedtekter for Tysnes Sogelag.

§1 – Føremål

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma  interesse og kunnskap om lokalhistorie.

For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag  samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Tysnes Sogelag skal , så sant det let  seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

§2 – Organisering

Tysnes Soglag er ein open medlemsorganisasjon

§3- Medlemskap

Medlemer av laget er personar som har betalt medlemspengar siste året.

Medlemer får tilsendt årshefte  (årbok) utan ekstra kostnader, og har førerett til å ta del i deitiltaka laget står bak.

§4 – Styre.

Tysnes Sogelag skal ha eit styre på 5 medlemer og 2 varamedlemer.

Leiaren vert vald kvart år, og dei andre styremedlemene vert valde for 2 år.
Varamedlemene står på val kvart år.

Styret vert kalla saman av leiaren, og kan ta avgjerd når minst 3 medlemer er til stades.

Styret kan setja ned nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.

Styreleiaren bind laget med underskrifta si.

§5 – Årsmøte.

Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad. Det skal kunngjerast i lokalavisa med minst 14 dagars varsel.

Årsmøte skal ha føre desse sakene:

  1. Årsmelding frå styret om verksemda i laget.
  2. Lagsrekneskapen.
  3. Val av leiar, nestleiar, styremedlemer og varamedlemer.
  4. Medlemspengar.
  5. Arbeidsplan og budsjett for komande år.
  6. Innkomne saker.

Val skal vera skriftleg dersom nokon krev det.

Styret fastset tid og stad for årsmøtet, og tek seg av det praktiske opplegget med årsmøtet.

Årsmøte er ope for alle interesserte. Dei som har betalt medlemspengar siste året har røysterett.

Saker som medlemene ynskjer å ta opp på årsmøtet må vera styret i hende seinast ein månad før årsmøtet.

§6 – Omframt årsmøte.

Omframt årsmøte vert halde når styret gjer vedtak om det, eller når minst 25% av medlemene gjer skriftleg krav om det.

For saker og val gjeld same krav som til vanleg årsmøte.

 

§7 – Vedtektsendring.

Framlegg til endring av desse vedtektene må vera sendt til styret minst 2 månader før årsmøtet, og styret skal ta framlegget med i si innkalling til årsmøtet.

Skal endring  i og tillegg til desse vedtektene vera gyldige, må dei vedtakast med minst 2/3 av dei avgjevne røystene.



§8 – Oppløysing av laget.

Framlegg til oppløysing av laget må vera ført opp som sak på sakslista ved innkalling til årsmøtet.

Skal laget oppløysast, må dette vedtakast av årsmøtet med røyster frå minst 2/3 av laget sine medlemer.

For at laget skal verta oppløyst, må dette vedtakast på 2 etterfylgjande årsmøte der forslaget må takast opp att til andre gangs handsaming på eit omframt årsmøte innan 4 månader, og må da få minst ¾ av dei avgjevne røystene fort å vera gyldig vedtak.

Ved ei oppløysing av laget, som ikkje vidarefører arbeidet med same føremål i ein anna organisasjon, skal laget sine midlar gå over til Tysnes Kommune, som må nytta midlane i samsvar med føremålet for sogelaget.

Desse vedtektene er vedtekne på årsmøtet.