Sogeskrift for Tysnes 2012

Føreord

Denne hausten er det 10 år sidan Tysnes sogelag samla styret og gode hjelparar til møte i Storastovo i Neravåge. På det møtet vart det avgjort at me skulle gje ut Sogeskrift for Tysnes og at det første heftet skulle ha innhald frå materiale som Olav Hjertaker hadde hatt på prent i bladet Tysnes. Sogeheftet vart godt motteke og ga inspirasjon til dei sogehefte som har kome ut gjennom åra.

I 2003 vart siste verdskrigen eit tema. Det var dugnadsånd og og velvilje frå mange kantar har hjelpt fram dette sogeskrift prosjektet. Når me no ser attende på sogeheftet frå 2003 og kor mange av skribentane som har gått bort så er bodskapen enkel: det var på høg tid at me fekk samla inn nokre av desse livsminna.

Slik er det framleis – me treng fleire skribentar for å fanga inn røynslene frå dei mange levde liv og ditt liv og dine minner er det berre du som verkeleg kan dela med oss.

I 2005 hadde Kirsten Alsaker Kjerland det redaksjonelle ansvaret for eit anna tema – dei som reiste ut. Dette sogeskriftet ga eit omfattande innsyn i utvandring og langpendling fram mot våre dagar. Dei andre hefta som har vorte utgjevne har hatt blanda innhald: «hommar og kanari».

Gjennom åra har me og prenta oppatt materiale som tidlegare har vore på prent ymse stader. Dette materiale som ikkje er lett tilgjengeleg i vår tid, men som har stor kulturhistorisk verdi.

Dette året har sogeheftet eit blanda innhald og spenner over tidsrom som går om lag 3500 år attende i tida – til ein pilspiss av flint frå Kalvavikjo, og til tida då fyrste bilen kom til Tysnes.

Då står det att å ynskja god lesnad – og minna om at me tek i mot små og store bidrag av minnesmateriale og anna skriftleg materiale, og biletmateriale.

For Tysnes Sogelag
Olav Skjellevik (red.)
Mikal Heldal (red.)

Innhald

Last ned Sogeskrift for Tysnes 2012