Sogeskrift 2013

Føreord

Som vanleg inneheld Sogeskrift for Tysnes nytt og gamalt materiale. Gjennom åra – heilt frå starten av sogeskriftet har me hatt eit nært tilhøve til bladet Tysnes, og oppstarten i 2002 var totalt sett basert på artiklar som Olav Hjertaker skreiv i bladet. Så er det materiale som journalistar i bladet skreiv om personar/hendingar og med lokalhistorisk innhald. Dette året tek me med Ingelin Røssland sitt stykke om «Den fyrste bilist på Onarheim». Dette er eit gildt attersyn!

Me tek med det Sigurd Norheimskreiv frå eit intervju med Dortea Espevik, der ho fortalde om oppvekståra sine i Ramsdalen, og det er eit tankekors at i tunet i Ramsdalen budde det folk til 1947. Wilhelm Waage var ei kjend røyst i lokalradioen gjennom mange år, og dette året prentar me eit stykke han skreiv om barndomen. Slikt materiale er me takksame for å få. Truleg ligg det eitt og anna i skåp og skuffer – la oss få del i det! Frå Edvin Mæland fekk me litt av soga om fisketørkinga på Årbakkasanden. Det er ikkje mange att som kan fortelja om fisketørking i vårt distrikt. Og så tek Harry Solberg oss med attende til Skjønnskrift-hefta i den gamle skulen – men ikkje eldre enn at dette sleit me med også i vår skuletid.

Helga Solheim var frå Geitung på vestsida av Bømlo, men mesteparten av livet var ho buande på Solheim, og ho tek oss med denne reisa i eit stykke ho skreiv i 1986. Igjen er dette eit materiale som berre Helga kunne fortelja, og dette minnar oss om at det å skriva ned livsminne er viktig. Olav Hjertaker skreiv om faren, Gustav Hjertaker, og korleis han tok seg inn i handelsverda – frå han var 19 år. Harald Skorpen tek oss med inn i kvinneforenings-verda i Skorpo. Dette er eit resultat av «Tysnes før i tio» – bileta der vart til eit bestellingsverk – og det eit vellukka eitt.

Og så tek me med litt om skulevegen til Elling H. Skartveit og Knut Sigve Skår. 8 år gamal gjekk Knut Sigve frå Skår til skulen i Skjellevik. Ta turen ein vintermorgon i sludd og regn, og du får respekt for desse karane! Fru Lange sine minner har vore på prent minst to gonger tidlegare, men tåler å vera med i sogeskriftet. I samband med Kystsogevekene dette året fortalde Jan Økland om kvinner i Lokalpolitikken i Tysnes – og dette materialet kjem på prent her. Olav Skjellevik skriv om orgel og kyrkjesongarar i Onarheimskyrkja. Og me har framleis pensjonerte belgetrøarar i Onarheim. Finalen dette året er Knut Rage sitt stykke om ruing av sauer. Det er altfor mange som ikkje kjenner til omgrepet ruing.

Takk for innsatsen til alle som hjelpte til med materiale!

For skriftstyret:
Olav Skjellevik
Mikal Heldal

Innhald

Den fyrste bilist på Onarheim
Ingelin Røssland

Dortea Espevik fortel frå Ramsdalen
Sigurd Nordheim

Min barndom
Wilhelm Waage

Fisketørking på Årbakkasanden
Edvin Meland

Skjønnskrift var viktig i den gamle skulen
Harry Solberg

Nokre spredde minner frå mi heimbygd
Helga Solheim

Ungdom frå Onarheim starta handel i Våge
Olav Hjertaker

«Kvinneforening» i Skorpo
Harald Skorpen

Minderne og Sangerhuen
Mikal Heldal

På vandring langs ein gammal skuleveg
Jorun K. Øgaard

Fru Langes opptegnelser om Tysnes
Ernst Berge Drange

Kvinner i lokalpolitikken i Tysnes
Jan Økland

Frå kyrkjesongarar til orgel i Onarheim kyrkje
Olav Skjelleviks

Ruing av sauer
Knut Rage

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk
 

Turar og arrangement i 2017.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.