Sogeskrift 2008

Føreord

Også dette året spenner innhaldet i Sogeskrift for Tysnes over mange emne. Frå Johannes Hjertaker var me så heldige å få eit stykke som faren, Henning Hjertaker, skreiv då han var framimot 90 år – Livsminner.

Me tek også med eit stykke om Johannes Hjertaker som stod i bladet Tysnes der krigsinnsatsen til Johannes er tema. Elles skriv Toralf Enes om kyrkjegarden på Hope der dei gjennom god dugnadsinnsats har teke fram eit gamalt kulturminne. Olav Skjellevik skriv om utviklinga frå landnot til moderne havbruksdrift. Utgangspunktet er dei lange liner i ei utvikling frå landnotfiske med bomullsnøter til dagens Alsaker Fjordbruk. Dette er i stor grad materiale som berre Magnus og Leif Alsaker kjenner til i dag – det er viktig å sikra slikt minnesmateriale.

Hans Skaten har samla materiale om tradisjonenen med foringsgeiter frå Haringa. Og minnest gjer fleire. Odd Tveit minnest både då Eiavikjo fraus til og vår avhaldne distriktsleg Olav Nybø. Einar Skorpen minnest dei tidlege år i Heimevernet på Tysnes. Bjørg Paulsen har skrive om mora sine minner frå oppveksten på Flatråker.

Sverre Dalland skriv om eit møte med Berge Mevatne og ei soge frå han. Minnesmateriale som dette er me særs takksame for. Me får også soga om skyttarlagsrørsla - ført i pennen av Kåre M. Malkenes – og denne soga får me meir av neste år. Elles tek me med materiale som har vore på prent før, men som fortener å koma nye lesarar i hende – det er om samferdsle, skyttarstemne og trulovingsskikkar.

Ha trivelege stunder med Sogeskrift for Tysnes!

For skriftstyret
Mikal Heldal

Skriftstyret 2008:
Olav Skjellevik, Sverre Dalland, Arne Tvedt, Toralf Enes, Erling Utne, Mikal Heldal og Magne Singelstad

Innhald

Minneord, Johannes Heggland
Føreord
Frå landnot til havbrukkonsern
Gamle minner
Et gjennombarket folkeferd
Geitetrafikken mellom Skato og Fyksesund
Då Eiavikjo fraus til
Dr. Nybø – distriktslegen som slo seg ned
Skyttarørsla i Tysnes
Fyrr og no
Trulovings- og bryllaupsskikkar i Tysnes
Hard kamp for fridomen
Minne frå heimevernet på Tysnes
Mor sine minner frå barne- og ungdomsår
Hope kyrkjegard – fram i dagen att
Forfattaromtale

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk
 

Turar og arrangement i 2017.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.