Om Sogelaget

 

Kva er TYSNES SOGELAG.

Tysnes Sogelag vart skipa  20. oktober 1945 i samband med en stor kulturkveld, Tysnes-kvelden, ein folkefest med eit tettpakka festprogram  i ungdomshuset Vonheim .

 

1.Tysnes Sogelag har som føremål å fremja
interesse og kunnskap om lokalhistorie.

2.Sogelaget  gjev ut Sogeskrift og kalenderkvart år. Medlemer som bur på Tysnes får sogeskrift og kalender i postboksen heime eller etter avtale utan ekstra kostnader. Medlemer som får dette tilsendt må betala porto i tillegg.
 

3.Sogelaget støttar på ymse vis arrangementet som Kystsogevekene og andre kulturhistoriske arrangement.
 

4.Sogelage arrangerer turar til historiske stader både lokalt og andre plassar.
 

Korleis bli medlem?

GJER SOM 240 ANDRE MED TYSNESRØTER – BLI MEDLEM!!

Du kan også melda frå om at du vil bli medlem ved å senda ein e-post  ( sjå e. post adresser under Kontakt oss).

DÅ FÅR DU SAME ÅRET SOGESKRIFT OG KALENDAR OG GIRO FOR INNBETALING – NO KR 300,- PÅ DØRA ELLER I POSTEN.

Tysnes Sogelag sine bøker og anna.

J. Heggland 1963, Tysnes det gamle Njardarlog I
J. Heggalnd 1975, Tysnes det gamle Njardarlog II
E.B. Drange 1986, Tysnes Gards – og Ættesoge 1
E.B. Drange 1987, Tysnes Gards – og Ættesoge 2
E.B. Drange 1989, Tysnes Gards – og Ættesoge 3
E.B. Drange 1991, Tysnes Gards – og Ættesoge 4
E.B Drange 2003, Tysnes Register.
J. Heggland 2007, Tysnesmålet.

Frå 2002 har Tysnes Sogelag årleg utgitt Sogeskrift for Tysnes, saman med kalender  med gamle bilete frå dei fire kyrkjesokna i kommunen.

Tysnes Sogelag samarbeider med.

Tysnes Sogelag er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie. Sogelaget legg vekt på å samarbeida med andre lag og organisasjonar i Tysnes og Tysnes Kommune. Samarbeidet med Tysnes Folkebibliotek og biblioteksjef Knut Rage er ein viktig del av kontakten med Tysnes Kommune.



Kva betyr eit medlemskap?

Medlemer  av laget er personar som har betalt medlemspengar  siste året. Du forpliktar deg ikkje til å vera aktiv i lagsarbeidet,  det er opp til deg sjølv og heit frivillig.

Som medlem for du høve til å delta på kurs i skanning av bilete og slektsgransking. Kursa vert arrangerte med jamne mellomrom når interessa er til stades. Desse kursa er gratis for alle medlemer i sogelaget.

Mange medlemmer gjev styrke og mangfald.

Tysnes Sogelag er med sine 240 medlemer, er eit av dei største laga i Tysnes. Me ynskjer fleire medlemer fordi me har som mål å nå flest mogelege tysnesingar som deler interessa for lokalhistoria vår, men også for at me skal få størst mogeleg breidde i innsamlinga av historikk materiale.



Oppgåver som me  arbeider med.

Innsamling av gamle bilete- Alt av gamle bilete og andre gamle dokument er av interesse. Ikkje kast noko før du har snakka med nokon i Sogelaget. Ta dykk ei kveldsstund saman i familien og set namn på personar på gamle bilete. Finn det årstalet når bilete er teke er det heilt topp. Tysnes Sogelag har utstyr og kan skanna bileta (digitalisera) slik at dei vert tekne vare på for all framtid. Me har også utstyr til å reparera bilete som er skadde eller har ei rift etter at dei er blitt digitaliserte.

Sogeskrift-Sogelaget er takksame for  innlegg til det årlege sogeskriftet. Til dømes ei soge frå barndommen, skulen, då eg var på notafiske osb. Alt er av interesse for oss.

Hegglandsamlinga:Tysnes Sogelag har utstilt alle bøkene frå J. Heggland si hand i Biblioteket i Tysneshallen. Bøkene er ei gåve frå forfattaren. Me har von om at me i samarbeid med Tysnes Kommune kan finna ein høveleg plass for meir av det skriftlege materialet etter Johannes Heggland.

Johannes Heggland (1919 – 2007)
"Minneskrift" 2009: Tysnes sogelag vil i 2009 gje ut ei samling artiklar – 5 artiklar om diktinga til Heggland og 3 artiklar om Gildesamskipnaden og Onarheimsgilde. Av forfattarar kan nemnast Gunnstein Akselberg, Ottar Grepstad, Knut Rage, Lars Bisgaard og Johannes Heggland.

Vil du vera med  i arbeidet med
å ta vare på lokalhistoria?

Bli medlem i Tysnes Sogelag !