Johannes Heggland: Diktar og historikar

Johannes Heggeland

Forfatter: Johannes Heggland
År: 1986 – 1991
Pris: 300
Tilbud: Tysnesmålet + Johannes Heggland: Diktar og historikar: 150 kr.
Kjøp denne boken

29. juni 2009 ville diktaren, historikaren og organisasjonsmannen Johannes Heggland fylt 90 år. Då han døydde i januar 2008, 89 år gammal, hadde han ein enorm produksjon bak seg, som romanforfattar, dramatikar og historikar – om lag 70 romanar for born og vaksne, eit dusin sogespel som vert spela trutt og jamt fleire stader på Vestlandet (Mostraspelet er kanskje det mest kjende), og ikkje minst ein innsats som lokalhistorikar. Det er gjerne som historikar og forfattar av historiske romanar ein tenkjer på Heggland. Det kan sjå ut til at det historiske arbeidet gav liv til ei oppkome av litterære verk – og det litterære arbeidet gav liv til lokalhistoria. Det er dette «vekselbruket» som vert avspegla i denne boka.

I desse dagar lanserer Tysnes Sogelag ei praktfull bok til Heggland sin 90 årsdag – Johannes Heggland: Diktar og historikar. Det er ei artikkelsamling som byggjer på føredrag som vart halde i samband med eit større Heggland-seminar i Tysnes 2005, med føredrag av biblioteksjef Knut Rage, direktør Ottar Grepstad, professor Gunnstein Akselberg og informasjonssjef Bjarne Buset, i tillegg er det skrive eit innlegg av høgskulelektor Kåre Glette spesielt for denne boka – og tre foredrag om gildesamskipnaden under Lokalhistoriske dagar og Årsmøtet i Hordaland sogelag som vart halde på Tysnes 2006, med føredrag av lektor Lars Bisgaard, arkivar Harald Lindbach og forfattar Johannes Heggland.

Om innhaldet i boka:

Bibliotekleiar ved Tysnes folkebibliotek, som hadde tett kontakt med Johannes Heggland i dei siste leveåra, m.a. med tanke på ei framtidig Heggland-samling i Tysnes, har skrive eit oversyn over forfattarskapen hans. Professor Gunnstein Akselberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, bidreg med ein artikkel han har kalla Særtrekk ved det episke skriftspråket, medan Ottar Grepstad, som er direktør ved Ivar Aasen-tunet, har eit innlegg som er kalla Den nynorske prosaforteljaren.

Dr. philos Kåre Glette, som i si tid tok hovudfag i litteratur på trekk ved Heggland sin forfattarskap, tek føre seg den siste romanserien til Heggland, ”Tusen vårar”, i artikkelen Å tømra ein tusenårsstad på Tysnes. Informasjonssjef i Gyldendal, Bjarne Buset, har skrive om Johannes Heggland som Gyldendøl. Då Heggland døydde var han den gyldendølen med lengst fartstid i forlaget.

Johannes Heggland var særs oppteken av den mellomalderske gildesamskipnaden og Onarheimsgildet på Tysnes. Ph.d. Lars Bisgaard ved Syddansk Universitet tek såleis føre seg Gildernes oprindelse og deres udvikling i middelalderen, medan arkivar Harald Lindbach ved Universitetet i Tromsø skriv om Middelaldergildene i Norge. Boka vert avslutta med ein artikkel av Johannes Heggland sjølv, som skriv om Olavsgildet på Onarheim i vestnorsk samfunn.

Kort om Johannes Heggland:

Johannes Heggland (1919 – 2008) debuterte 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet. Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfattarskapen er løna med ei rad prisar. Heggland var ordførar i Tysnes 1956-59 og 1968-71, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening 1982-85, medlem av Nordisk Råd sin priskomité, medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend. I 2005 vart Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.