Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog 1 & 2

Johannes Heggland

Forfatter: Johannes Heggland

Bind 1 Fram til om lag 1800
År: 1964
Sidetall: 588

Bind 2 - 1800-19702 - 1800-1970
År: 1975
Sidetall: 760

Pris: 350 (enkeltband)
Boka får du kjøpt hjå Bladet Tysnes eller i Tysnes Sparebank.

For mange er namnet Johannes Heggland synonymt med lokalhistorie, og då ikkje berre gjennom den openlyst lokalhistoriske tilknytinga som ein finn i mange av bøkene hans og i den mangfaldige lokalhistoriske verksemda elles. Når ein tysnesing tenkjer på Johannes Heggland, er det såleis gjerne den såkalla "Tysnes-soga" som fall ein inn fyrst. I byrjinga av 60-åra sette Tysnes Sogelag i verk det store prosjektet det var å skipa til ei bygdebok for Tysnes.

Johannes Heggland fekk oppdraget med å stå som hovudforfattar av verket. Det vart eit arbeid som skulle koma til å ta mange år. Fyrste bandet vart gjeve ut i 1963 og går fram til ca. 1800, andre bandet kom i 1975 og tek føre seg perioden 1810-1975. Sjå elles bestillingslista for meir detaljerte opplysningar om bøkene.

Johannes HegglandJohannes Heggland er fødd i 1919, og har verka som forfattar og bonde, forutan ein periode Tysnessogasom ordførar. Sidan debuten i 1941 har han skildra sosiale og religiøse motsetnader i bondesamfunnet, m.a. i romanverket "Guds husfolk" (1989), og seriane "Brødet frå havet" og "Jordparadiset". I 2000 tok han fatt på eit nytt, stort prosjekt, "Tusen vårar", der det førebels har kome tre romanar. Bøkene tek føre seg historia på Vestlandet og i Sunnhordland dei siste tusen åra. Heggland har også skrive barnebøker, gjerne med historiske emne. I dei seinare åra har fleire av bøkene hans vore lansert i Tyskland, der dei vore gjevne ut i store opplag.

Frå 1982 til 1985 var Heggland leiar i Den norske Forfatterforening. Han har også vore medlem av Nordisk Råds priskomité (1983-86), medlem av Det litterære råd, medlem i Norsk språkråd og styremedlem i Riksteatret. For den kulturelle innsatsen sin vart han i ei årrekkje løna med Statens Kunstnarstipend

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2017.

Sogesodd.
Sundag 26. november kl. 15 i Tysnes Bedehus.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.

Johannes Heggeland (1919-2008)

Johannes Heggland har sidan debuten i 1941 markert seg som ein av dei fremste nynorskdiktarene i landet. Den omfattande produksjonen femnar om barnebøker, vaksenlitteratur, sogespel og ei ruvande lokalhistorisk innsats. Den inngåande kjennskapen til ymse historiske epokar speglar seg att i store delar av forfattarskapen.

 

Nettbutikk:

Johannes Heggeland: Diktar og historikar
Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog, band 1
Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog, band 2
Johannes Heggeland: Tysnesmålet