Om Tysnes Sogelag
Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.
Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Har du drøymt om å reisa til Shetland og dei andre øyene i vest? I august arrangerer Hordaland Sogelag ein tur til Shetland og Orknøyene, samt ein tur til Hebridane. Reisene er ein lekk i eit større fleirårig opplegg for å vitja alle dei gamle norske områda i vest.