Sydvest Bokfestival i Etne 12. – 15. november.

Fleire frå Tysnes var aktive deltakarar på Sydvest Bokfestival i Etne i helga. Britt Kjellesvik Rage presenterte Dokker i folkedrakter frå Vestlandet. Ho formidlar dei gamle folkedrakttradisjonane på ein framifrå måte gjennom dokkene.

Knut Rage framsa eit inspirerande foredrag under plakaten " Digital formidling for alle". Der han inviterta alle som er interessert i lokalhistorieformidling å registrera seg på Lokalhistoriewiki. Her fortel han om facebook sida "Tysnes før i tio" som har passert 2000 medlemmer.

Elles kan du lesa meir om bokfestivalen på nettsida til Hordaland Sogelag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *