Sigurd Bjordal vart ny leiar i sogelaget.

Sigurd Bjordal vart vald til ny leiar i sogelaget på årsmøte 18. mars. Den avtroppa leiaren gjennom mange år Jan Økland vart nytt medlem av styret. Ny i styret vart Karl Lunde. Den nye leiaren er heilt til høgre på bilde. Han har hatt oppgåve som skrivar tidlegare. Årsmeldinga for 2017 finn du her. Referat frå årsmøte finn du her.

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Tysnes Sogelag er medlemslag i Hordaland Sogelag

Viktige lenkjer.
Riksantikvaren kulturminnesøk

Krigsminne på Rekstern
 

Våpen utrustninga på kystforta på Rekstern
 

Turar og arrangement i 2018.

Årsmøte sundag 18. mars kl. 15
i Tysnes Bedehus.

Sogesodd.

 

 

Nettbutikk

OBS! Sogeskrift for 2008 og 2009 er utseld. Tysnes Sogelag har oppretta nettbutikk og no kan du kjøpa bøker  på nett. Med tida vil me utvida tilbodet slik at du også kan kjøpa andre publikasjonar. Det er enkelt å kjøpa på nett. Du klikkar på Nettbutikk øvst på sida så kjem du direkte inn i netthandelmodulen.Les mer.