
Grunngjevinga til juryen som har vurdert alle artiklane som er publisert i Sogeskrift for Tysnes 2010.
Prisen "Arets skribent" går i 2010 til Mikal Heldal for forteljinga "Maddelo i Blekjet".
Forfattaren har gjeve oss ei original og lesarvenleg skildring av ein kvardagslagnad i bygdene våre for om lag 100 år attende i tid. Det er ei folkelivsskildring som gjev oss eit levande bilete av levekår og
kvardagsliv i bygdene på Tysnes.
Forteljinga er representativ og lærerik når det gjeld kunnskap om livsvilkåra til husmannsfolk og
fattigfolk elles. Me får innsyn i sosial naud og elende. Men me får også høyra om omsut og omtanke
- sosialt ansvar kan me kanskje seia - og godt naboskap i bygdene.
Her er også døme på korleis folk kunne driva sjølvberging - både på godt og vondt.
Soga om Maddelo og Omund er levande fortalt og ikkje utan humor - me kan dra på smilebandet av
hovudpersonen sine skikkar, vanar og ikkje minst uvanar, men me kan også - i alle fall mellom linene
- lesa om ein tragisk lagnad og eit ikkje berre lukkeleg liv, som nok kan vera representativt for mange
menneske som levde i bygdene våre på den tida.
Faktaopplysningane om personane er dokumenterte m.a. i Gards- og ættesoga. Når det gjeld
skildringa av hovudpersonen og og hendingane rundt, byggjer det på ein munnleg tradisjon hjå etterslekta og i grannelaget, ein tradisjon som no er skriftfesta.
Dette ser juryen som viktig, og me vonar at det kan motivera andre som mitte sitja på liknande stoff,
til å fylgja føredømet til årets skribent
Kirsten Nesse Nils Magne Singestad