Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen

 

Brugdefangst og siste brugda i Flakkavågen.

 

Brugde

 

Utstillinga i Onarheim kyrkje

Timeglaset på preikestolen i Onarheim kyrkje.Olav Skjellevik var initiativtakar til utstillinga som i sumar vart sett opp i Onarheim kyrkje. Målet var å ha det klart til olsokmarkeringa i år, og det gjekk greitt, fortel Olav.

Eg har fått mange lovord om utstillinga og  den skriftlege omtalen som eg har laga for kvar einaste objekt. Det meste har eg funne bortgøymt  i skuffer og skap bak alteret, sakristiet og jamvel i klokketårnet.   Det er gamle salmebøker og biblar og jamvel timeglaset som prestane laut bruka på preikestolen for å halda kontroll på at dei ikkje preika meir en 1 time som var strengt regulert i gamle dagar.

Arrangement på Skorpo under Kystsogevekene

Gamle Skorpen skule

Dato: 19 september
Tid: 13:00
Sted: Det gamle skulehuset/bygdahuset på Skorpo

Tysnes Sogelag vil i år også ha arrangement under Kystsogevekene. Tema i år vert Kalk og kalkbrenning kring Flakkavågen. Dato blir 19. september med oppmøte  i det gamle skulehuset/bygdahuset på Skorpo kl. 13:00. Her vert det eit kort fordrag, og så blir det tur  til dei gamle kalkomnane.

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen.

Lokalhistorisk seminar i Solheimsdalen

Sist laurdag var det duka for det fyrste lokalhistoriske seminar i Solheimsdalen. Liz og Kaare Malkenes hadde invitert ein del kjente og aktive kulturpersonar til seminar og festleg samvær i dei gamle stovene til Søra-Peren.
 

Sundagsakademiet

Urter

Sundag 18. april vert det ein ny foredragskveld på Tysnes folkebibliotek, i serien me har kalla "Sundagsakademiet". Denne gongen er turen komen til Anna Lise Sortland, som skal snakka om urter.Les mer.

Spanskesjuka

Eit overslag viser at noko slikt som 10 000 nordmenn døydde under Spanskesjuka i åra 1917 og 1918 - på verdsbasis skal det ha vore noko slikt som 30 millionar. Også på Tysnes kravde den nifse sjukdommen sine dødsoffer.Les mer.

Bygginga av Bergensbana

Sundag 18. januar går det første Sundagsakademiet i Tysnes folkebibliotek denne sesongen av stabelen. Det er to formidable storleikar som står på programmet - Bergensbanen og Tron Bach.Les mer.

Syndicate content

Om Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag har til føremål å fremma interesse og kunnskap om lokalhistorie. For å ta vare på det historiske tilfanget, vil Tysnes Sogelag samarbeida med Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Tysnes Sogelag skal, så sant det let seg gjera, årleg gje ut eit tidsskrift med eit innhald som er, eller kan verta, av lokalhistorisk verdi.

Bøker og hefter